Vi er forbanna!

Denne veka kom den endelege beskjeden om at Herøy VGS avdeling Vanylven skal leggjast ned.

FORBANNA: To av elevane ved Myklebust skule som er forbanna på fylkespolitikarane.   Foto: Privat

Fritt Ord

Er desse kronene verdt meir enn oss? Korleis skal dokke fylje opp dei elevane som fell ifrå? Korleis har dokke tenkt å gjere det med oss som ikkje er klare for hybellivet, i ein alder av 15 år?

Tilboda for pendling er langt i frå gode nok. Dokke påstår at her er moglegheit for pendling og at det er bussrute som er tilrettelagt, men kva tid skal vi og bussjåførane få vite om desse? Korleis har dokke tenkt det med ein elev som til dømes bur på Rovde, som skal pendle til Ulsteinvik?

Vi har sendt fylkestingspolitikarane mange seriøse henvendingar, men har ikkje fått eitt einaste svar. Vi har brukt både mykje energi og tid på dette. Vi krev å bli sett og høyrt på. Skal vi bli pissa på sånn? Vi er tross alt framtida!

I denne alderen er psykisk helse noko som for veldig mange er utfordrande. Det å måtte flytte heimanfrå er for mange ei stor belastning. Men det er jo ikkje alle som treng å bekymre seg for å flytte på hybel, fordi det slett ikkje er alle som kjem til å få seg ein plass å bu.

Har dokke tenkt på dei foreldra som kanskje ikkje har råd til å betale både buplass, mat, reisekostnadar og andre utgifter som dekkjer grunnleggande behov? Stipend vil ikkje kunne dekkje alt dette, og er du så uheldig at du bur nærmare enn 4 mil frå skulen har du ikkje rett på stipend. Slik vi bur, er vi avhengig av ferje og bussrute som gjer pendling vanskeleg. Dette vil gjere dei økonomiske skilnadane mellom familiar enno tydelegare og synlegare.

Vi krev skuleskyss. For eksempel at det kjem ein minibuss og hentar oss nærme døra vår, og køyrer oss til skulen og heimatt. Korleis skal vi då gjere det med mat? Skal vi ha med tre nistepakkar slik at vi held oss mette ein heil dag? Eller får vi pengar til å kjøpe oss mat?

Vi krev svar no. Respekt for ungdom!

Fortvila elevar ved Myklebust skule:

Kari Emilie Vada Blom, Nikoline Thunem, Linnea Berge Moen, Hanna Linea Torvanger, Tonje Aaland Brekke.