"Vi vil selje oss som det vi er, ikkje det andre vil vi skal vere"

Til Herøy kommune og dei folkevalde. Lesarinnlegg av Knut Asle Goksøyr.

VED SJØKANTEN: Planen er å bygge toallettbygget heilt nede ved sjøkanten. Ytst er det også lagt til rette for ein «selfieplass». Men etter formannskapet si siste behandling av saka er det grunn til å tru at det kan bli nokre endringar.   Foto: Norconsult AS

Fritt Ord

Normalt opplever ein å måtte kjempe hardt og lenge for lokale tiltak. Etter bruopninga i 1982 vart det stor trafikkauke og ditto parkéringskaos. Goksøyra vart mål for mange reisande! Men bygda er trang og var lenge heilt utan parkéringsplass. All parkéring gjekk såleis utover private, som rimelegvis var lite nøgde. Etter iherdig innsats og elles velvillig grunnavståing frå nokre av dei som var mest plaga av vill-parkéring, fekk vi så endeleg tillaga ein bra plass litt utanfor bygda. På store utfartsdagar er den elles tenlege plassen no faktisk for liten. Likevel har varaordføraren i negative ordelag fleire gonger beteikna plassen som ei flystripe. Ok, p-plassar er sjeldan vakre å sjå på. Men under dei rådande forhold (naturvern/plass/økonomi) var dette det beste ein fekk til; Bilane måtte ut av bygda! I mellomtida hadde vi dessverre mist alle laurdags- og søndagsbussruter; Bussane kom seg ikkje fram eller greidde ikkje å snu.

I tilknyting til p-plassen fekk vi mest samstundes, etter minst like stor innsats, det sårt tiltrengte toalettet og trudde at no vart alt berre fryd og gaman. At mange besøkjande framleis pressar bilane sine inn på privat eigedom for å spare 2 min gangtid, og at dei fleste toalettbesøk dessverre framleis skjer på campingplassen, er beklageleg. Verre er likevel at toalettet på p-plassen stort sett har vore stengt frå august til mai. I skrivande stund er det også stengt. Og no til dags er her, uansett vêr, trafikk kvar bidige dag, året rundt. I vinterhalvåret har «verdig trengande» altså berre to mulegheiter, som eg ikkje i detalj skal beskrive resultatet av her. Men må ein så må ein…

Totalt sett har likevel den etter varaordføraren si meining kortbaneflyplassliknande p-plassen med det vinterstengde toalettet hjelpt godt på situasjonen. Ikkje alle off. p-plassar tek opp mot 200 bilar og mange off. toalett er langt dårlegare enn det i Goksøyr. Og medan reinhaldet vart utført av lokale folk, var også den biten i orden. Det einaste vi på vegner av stadig fleire dagsbesøkjande har kravt utover dette, er heilårsopne fasilitetar. For å få til det, må ein ha frostsikkert vatn, samt litt oppvarming av romma nokre få frostdøgn i året. Vasslangen vart nemleg skada av anleggsmaskiner alt før samankopling, så det vart lagt eit frostutsett provisorium i grøfta. I desse nedskjeringstider hadde vi ikkje ein gong tenkt tanken på å be om meir enn oppgradering av det eksisterande.


Vil bruke millionar for at toalettet i Goksøyra skal bli Instagram-venleg

Det nye toalettet i Goksøyra skal vere Instagram-venleg, og eit bidrag til turismesatsinga i Herøy. Men det vil koste. Her kan du sjå skissene!


Så offentleggjer heilt uventa Vestlandsnytt vidløftige planar for eit futuristisk, verkelegheitsfjernt luftslott på styltrer nede i sjøkanten, akkurat der største storebårene frå fluene rett bortanfor brakar i land. Vi trudde knapt våre eigne auge! Bygdafolk ringer og spør om eg ikkje kan skrive i lokalavisa og spørje kven som står bak, kven som har klekt ut dette – og kva skal det tene til. Rykte vil ha det til at nyfrelste reiselivsengasjerte annan stad ifrå meiner at slik nonsens vil trekkje fleire reisande til Herøy, muligens Fosnavåg. «Kult» kallar dei dette, dei som har sett lyset. Men «kult» eller ikkje, og uansett vikarierande motiv for forslaget; Vi som er fødde og har levd eit langt liv her, seier nei, nei og atter nei – fordi:

1: Utan bruk av panserstål eller armerte betongkonstruksjonar er det nemleg ikkje mogeleg å få noko til å stå i havkanten der når vinterorkanar herjar som verst og sjøsprøyten går 50 meter høgare enn tunnelinngangen bak p-plassen! Då går storebåra over og langt opp om vegen. Under slike tilhøve har delar av asfalten på p-plassen vorte vaska av, plastringa i fronten brote saman og sjøen har fossa rundt det eksisterande, tilbaketrekte wc-huset. For berre få år sidan måtte det ein større reparasjon til av sjølve p-plassen. Eg pløyer sjølv plassen med traktor, ryddar tare og stein etter storebåra kvart år.

2. Mykje av Runde er verna. Det set trange rammer for både aktivitet og fysiske tiltak. Bygningsmassen er hovudsakeleg gammal, det fantastiske hamneområdet med tilnærma autentiske 1940-tals bygningar er like verneverdig som dei fleire hundre år gamle nausta på Sanden og i Goksøyr. Fyrstasjonen er freda. Og slik vil vi ha det; Nye bygningar må tilpassast eksisterande stil. Det skisserte toalettet bryt med alt her på Runde og må heller ikkje av den grunn verte realisert.

3. Mange her meiner vi har nok tilreisande. Enkelte meiner sogar for mange. Det må ein ta hensyn til. Skulle situasjonen likevel endre seg negativt, veit vi kva knappar som må trykkjast på for å få fleire. Hugs – eg er snart 70 og har drive med dette heile livet. Det er ingen som snakkar og diskutérer med fleire turistar enn eg.

Misforstå meg rett; Har kommunen midlar å avsjå til satsing på Runde, tek vi imot med opne armar. Men då fortrinnsvis til kulturhistorisk relaterte tiltak. Vi vil selje oss som det vi er, ikkje det andre vil vi skal vere. Eg stiller gjerne med lange lister over tiltak til glede for både gjester og fastbuande. Og skal det absolutt byggast nytt toalett, så set opp noko diskrét i tradisjonell stil så langt bak i bakken som råd!

Eg viser elles til mine kommentarar til Vestlandsnytt sine Facebook-innlegg om saka.


Formannskapet vil gå vidare med planane:

Ber om finansieringshjelp for å bygge Instagram-toalett

Formannskapet vil jobbe vidare med det Instagram-venlege toalettet i Goksøyra, men berre om kommunen slepp å ta heile kostnaden sjølve. Plasseringa kan også bli endra.