Sandsøy og Voksa grendalag:

"Uttale frå Sandsøy og Voksa grendelag"

Innlegg Sandsøy og Voksa grendalag:
Fritt Ord

På Sandsøy og Voksa er det spesielt det siste året gjort eit godt stykke arbeid for å auke bulyst, få til fleire aktivitetar og følgje opp eit næringsliv som er i sterk vekst her på øyane.

Vi ser i framlegget til budsjett for Sande kommune 2020 at det er framlegg om å leggje ned Sandsøy skule som ein del av innsparingane.

Med fare for å gjenta oss sjølve frå førre runde; For eit kringflødd lokalsamfunn er kommunikasjon, arbeidsplassar, butikk, skule og barnehage bærebjelkar for å utvikle eit levande og blomstrande samfunn.

På Sandsøy og Voksa veit vi at det framleis er planar for ei markert auke i antal arbeidsplassar, men alt dette heng saman med grunnleggjande tilbod som barnehage, skule og nærbutikk. For bedriftene er det viktig at flest mogleg av arbeidstakarane bur her, dette kan vere svært vanskeleg dersom dei grunnleggjande tilboda forsvinn eit etter eit.

No er Rosenlund Hamn i sving, og vi veit at der er store planar for framtidsutvikling. Dette kan gje store positive ringverknadar for heile kommunen.

Vi ventar framleis på Sande fastlandssamband. Vi hadde håpt at det skulle kome fleire positive signal om framdrifta her, og vi vil oppmode kommunen om å arbeide meir intensivt for å få fortgang i saka. Dersom vi får ein veg å køyre framfor ferje, vert situasjonen straks annleis.

Fram til vi har eit vegsamband er skulen ein kritisk og nødvendig faktor for at det framleis skal bu barnefamiliar på Sandsøya og Voksa. Barnefamiliane er oftast også arbeidsfolket i næringslivet både lokalt på øyane og andre stadar i kommunen. Utan arbeidsfolk er det vanskeleg å oppretthalde dei arbeidsplassane som finst på øyane våre i dag, og det kan også føre til vanskar med rekruttering andre stadar i kommunen.

Sandsøyoppvekstsenter er ein god og trygg skule. Ein skule med gode resultat både på trivsel og læring. Barnetalet svingar, men vi ser at auke i arbeidsplassar også gjev ein auke i skuleborn. Ein lokal skule vil vere avgjerande for kvar folk vel å busetje seg.

På vegne av folket på Sandsøya og Voksa krev vi at skulen skal bestå som eining fram til Sande fastlandssamband er realisert. Vi ber og om at saka vedrørande skulestruktur vert lagt på is slik at vi slepp å ha den hengande som eit stadig «trugsmål» som hemmar arbeidet vårt for å auke bulysta.

For styret i Sandsøy og Voksa grendalag

Bjørn Thore Hansen

leiar