Utdanningsforbundet i Sande:

"Utdanningsforbundet bekymra"

Innlegg av Utdanningsforbundet i Sande.
Fritt Ord

med dette melde at vi er svært bekymra for utviklinga innanfor budsjettet til oppvekstsektoren. På vegne av våre medlemmar vil vi peike på kva utfordringar innsparinga gir.

Våre medlemmar jobbar kvar dag med å levere gode tenester ut til borna i kommunen, men vår frykt er at denne innsparinga vil gi dårlegare oppvekstvilkår for dei som veks opp i Sande i dag.

Det vil råke dei som treng oss mest, med at det kan føre til mindre tilpassa undervisning. Høg vaksentettleik er viktig både i barnehage og skule, vi er redde for at kutt i budsjett vil føre til at det vert meir vanskeleg å halde bemanningsnorma.

Ei anna utfordring vi har, er den nye læreplanen som skal implementerast i 2020. Dette gjer at vi treng nye lærebøker. Eller er det slik at elevane i Sande ikkje vil få like god kvalitet på opplæringa si som det dei får i kommunane rundt oss?

Vi er stolte av å ha engasjerte medlemmar som er trygge vaksne i både barnehage og skule. Men vi er bekymra for at ei rovdrift på dei tilsette vil føre til dårlegare arbeidsvilkår for våre medlemmar.

Utdanningsforbundet i Sande vil vise til arbeidsgjevaransvaret og god prosess i arbeidet med omstilling. Viktig at ein under prosessen ikkje endar opp med oppseiingar av tilsette utanom sesongen. Helst varsling i god tid slik at ein kan omstille seg på nye jobbsøknadar.

Med venleg helsing

Utdanningsforbundet i Sande

Styret