Kenneth Rusten:

"Sande kommune og framtida"

Innlegg av Kenneth Rusten.
Fritt Ord

Det er skremmande kor slavisk rådmannen og formannskapet har følgd tilrådingane frå einingsleiarane i Sande kommune i budsjettbehandlinga så langt. Spørsmålet er om Sande kommune er i ferd med å gje seg sjølv ei bjørneteneste når budsjettet skal til vedtak.

Nedlegging av skulen på Sandsøya vil meir eller mindre direkte føre til at krinsen på sikt blir avfolka, og at næringslivet vil vegre seg for vidare satsingar. Ei slik nedlegging ligg ikkje inne i budsjettet, men er likevel lagt inn som ein føresetnad. Ei slik avfolking vil slett ikkje vere eit gode for kommunen, og den triste folketalsutviklinga som vi har.

Kva med Senterpartiet midt oppe i dette, som etter valet sit med makt. Det såkalla distriktspartiet, som tydelegvis går for fullt inn for sentralisering? Under opninga av den flotte nyoppussa Coop-butikken på Sandsøya, presterte ordføraren også å uttale at «Dette blir fint for turistane!» Er det slik vi vil ha det? At høgste politiske leiing i kommunen vår meiner at det er turisme som er det viktige?

Så høyrer vi at pleie/omsorg faktisk går med eit saftig overskot på drifta, og at det er «overskot» av tilsette på enkelte vakter? Korleis kan Sande kommune forsvare det faktum at denne sektoren no går så det susar, økonomisk sett, og samstundes vil endre på skulestrukturen? Gløym ikkje at pleie/omsorg etter Kostra-tala faktisk har langt, langt meir å gå på når det gjeld innsparing!

Kva med dei mange millionane (10-12 mill.) som står i langtidsbudsjettet? Ingen har så langt opplyst kva desse pengane skal gå til. Er det snakk om bygging av nye skular, og altså på bekosting av eksisterande skuletilbod? Er det administrasjonen som er premissleverandør for korleis Sande skal sjå ut i framtida?

Tenk dokke om. Kva fylgjer vil vedtaka føre til for samfunnsrekneskapen og busettingsmønsteret i Sande? Eg tvilar på at dei som eventuelt vel å flytte på grunn av ei skulenedlegging stansar ein annan stad i kommunen!

Kenneth Rusten