Gjermund Bringsvor:

"Nedlegging av Sandsøy skule"

Innlegg av Gjermund Bringsvor, leiar i Sandsøy og Voksa næringslag.
Fritt Ord

Sandsøy og Voksa næringslag representerer det meste av næringslivet på Sandsøya og Voksa.

Vi syner til forslag til budsjett for Sande kommune for 2020, der vi ser forslag om å legge ned Sandsøy skule.

Næringslivet på øyane har hatt sterk vekst siste åra. Dette medfører stort behov for rekruttering. Fleire familiar har flytta inn fordi dei har starta å arbeide her. Vidare pendlar det ein heil del folk inn frå øyane. Det er rett å påpeike at mesteparten av næringslivet har hatt sterk vekst i tilsette, og at dette er ein trend.

Det vert satsa hardt frå næringslivet på Sandsøya og Voksa, og det er stadig behov for kompetent arbeidskraft. Vi ynskjer sjølvsagt at flest mogleg av desse skal vere busette lokalt så langt det let seg gjere. Næringslivet er avhengig av eit levande lokalsamfunn. Finn vi ikkje rette kompetansen, er det ikkje liv laga.

Dermed er vi i ein situasjon der vi satsar, og de vil leggje ned. For å tiltrekke oss kompetent arbeidskraft treng vi grunnleggande tilbod som barnehage, skule og butikk. Her kan nemnast at nærbutikken i 2019 har bygd ut. Kva ser COOP som vår eigen kommune ikkje ser?

På vegne av næringslivet vil vi krevje at skuletilbodet på Sandsøya vert oppretthalde slik at vi får stabile rammer. Sekundært ynskjer vi ei løysing slik at dei minste borna slepp å reise vekk for å gå på skule. Det er ganske dramatisk å gå frå 1-10-skule til ingen ting på eit halvt år.

Vi har aldri hatt motførestillingar mot å sjå på skulestruktur ETTER at Sande fastlands-

samband er realisert. Ein ber om at trykk og energi vert nytta på å få dette sambandet opp og fram. Innsparing på skulen vår bør heller ligge der som ei be

lønning for å få etablert Sande fastlandssamband.

Vidare vil vi peike på at skulen også er ein arbeidsplass for ein type arbeidskraft somer mangelvare i distrikta. Legg ein ned skulen så vil nok desse forsvinne.

Vi ber dykk tenkje dykk godtdom før de legg ned det som er bærebjelken i eit kringflødd lokalsamfunn. Skulevegen er open 10 gonger i døgnet i tre minutt kvar gong.

Gjermund Bringsvor

leiar Sandsøy og Voksa næringslag