"Nei til Havsul 1"

Lesarinnlegg av Knut Asle Goksøyr

  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Fritt Ord

FUGLEFJELLET PÅ RUNDE var lenge berebjelke i mykje av turismen på Søre Sunnmøre. For sjølve øya Runde var det omfattande og imponerande fuglelivet heilt avgjerande for framvekst av service- og overnattingsbedrifter, dessutan viktig for å kunne oppretthalde handels- og transportbedrifter, skule og post. Det er verdt å merke seg at turistar og spesielt interesserte, t.d. kunstnarar og vitskapsfolk, kom først, ikkje bedriftene; Etableringane kom som følgje av eit skrikande behov for tilretteleggande aktørar.

Som det sørlegaste og lettast tilgjengelege av dei store fuglefjella i Noreg, fekk Runde tidleg ein unik posisjon. Øya vart bl.a. ekskursjonsmål for elevar, studentar og lærarkrefter av alle slag, også utanlandske. I den tidlege fasen var dessutan dei fleste besøkjande også svært botanisk interesserte, og botanikk og fugleliv heng som kjent saman. Uansett var alle besøkjande langt over gjennomsnittet naturinteresserte.

I dag snakkar ein helst om reiseliv, ikkje turisme. Og reiselivet generelt har lenge vore ei næring i vekst – ikkje minst viktig for meir perifere stader med få bein å stå på. På Runde er det no mest berre reiseliv, samt litt jordbruk att av yrkesaktivitetar. Alt anna er sentralisert bort og lagt ned. Men reiselivet held stand; At aktørar i opptil 3-4 timars reiseavstand frå Runde nyttar øya som utfluktsmål, hjelper godt på. Men viktigare er den store interessa blant enkeltreisande for Runde som mål eller delmål for turen. Desse er berande i noverande lokal reiselivsverksemd. I dag er majoriteten av dei besøkjande «vanlege» turistar, og Runde har med åra kome på lista over norske «highlights», saman med destinasjonar som t.d. Briksdalen, Ålesund, Trollstigen, Geiranger eller Atlanterhavsvegen.

Mange fuglearter er i tilbakegang og mangfaldet er truga. For kolonihekkande sjøfugl er situasjonen kritisk. Fleire artar toler ikkje meir motbør! Skulle endå fleire av dei store bestandane kollapse heilt, er det over og ut for reiselivet på Runde, der alt rimelegvis er naturbasert. Distriktet elles vil også verte eit unikt reisemål fattigare, hvis Runde fell ut. Ein må hugse at det er lettare for t.d. ein tysker å plassere Runde på kartet enn f.eks. Ålesund, og at Runde er på tysk TV 5 til 10 gonger i året; Det er neppe Ålesund.

Fuglefjellet på Runde er ikonisk, og det er ein viktig del av identiteten til både øya og oss som bur her, men også for resten av kommunen og reislivs-Noreg. Havsul 1 er ein direkte, reell trussel for m.a. trekkjande sjøfugl. Dessutan ei negativ, visuell oppleving! Ingen kjem til Noreg for å sjå slikt. Verken Havsul 1 eller andre planlagde, tilsvarande kystnære anlegg, bør byggjast. Urørt natur vert i framtida endå meir etterspurt enn no! Det er trist å sjå korleis landbasert vindkraftindustri herjar i indrefiléten av urørt, norsk natur. La ikkje det same skje langs kysten også – rett utanfor stovedøra! Konsekvensane av bygging og drift er uopprettelege!

Knut Asle Goksøyr