Bjarne Kvalsvik

"Aldri for seint å kjempe!"

Inlegg av Bjarne Kvalsvik:

Bjarne Kvalsvik  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Fritt Ord

I politikken er det slik at eit vedtak gjeld til eit nytt er fatta. Vi må aldri gi opp kampen for å behalde og vidareutvikle skuletilbodet ved Herøy vidaregåande skule. Eg skal ikkje forsvare Ap, men bildet som var teikna i sist avis er langt meir nyansert enn ein får inntrykk av.

Heilt sidan 2014 har vi visst at frå fylkesrådmann har det vore eit ynskje om å flytte byggfaga i Herøy til Ørsta og matfaga frå Ørsta til Herøy. Dette kjem også klart fram i saka «Omstilling 2020 som skal opp i fylkestinget i desember».

Kven svikta ?

Anders Rise skal ha honnør for at han freista å hindre at byggfaga i Herøy vart flytta til Ørsta. Forslaget til Rise fekk 5 røyster og fall. H 2 Frp 2 og SML1.

Dei som røysta for flytting til Ørsta var AP 3, Sp 3, SV 1, R 1. Det var såleis fleire enn Ap som svikta. Vi ser at både Ap og Sp kunne ha hindra dette.

Men så skjedde det som kanskje var like uventa då det kom til å flytte matfaga frå Ørsta til Herøy. Der fremma Frp fyljande forslag: «Det vises til Fylkestingets vedtak i T-69/14, punkt 1, der det heiter at restaurant- og matfag skal samlast ved Herøy vgs når det er gjort nødvendige bygningsmessige endringar, eller om ein får ei utvikling i søkjartalet som gjer at ein kan samle utdanningsprogramma utan tiltak. Ingen av desse vilkåra er oppfylte. Forslaget om å flytte mat- og restaurantfag allereie frå neste skuleår er ikkje i samsvar med Fylkestinget sin intensjon. Tilbodet om restaurant- og matfag vert oppretthalde i Ørsta».

Kven svikta då dette kom opp?

Frp klarte å få fleirtal for dette, støtta av Anders Rise med fleire. Forslaget til Frp om ikkje å flytte matfaga til Herøy vart vedteke med 8 røyster. Frp 2. H 2, Ap 2, SML 1, og Isp.

Så kan vi spørje oss om Høgre, Frp, Ap med fleire ikkje svikta Herøy så det held her? Ja eg ser at Frp lokalt er ute og forsvarar dette. Nei, lokalpartia i Herøy må gå i kamp med sine eigne for å unngå at Herøy tapper kampane. Dette gjeld både det eine og det andre partiet. Men kvifor svikta Anders Rise og Høgre her? Var innsatsen så heilhjarta? Skal vi vente til Herøy vidaregåande er bygd ut slik dei foreslo i si røysting? Ja då får vi vente, den er ikkje inne med midlar dei 10 første åra.

Skulen opplyser til meg denne veka at dei klarer å takle ei flytting av matfaga frå Ørsta til Herøy.

Vi skal aldri gi oss.

Neste måndag 25 er det gruppemøte i Molde. Eg utfordrar heile formannskapet til å vere med. Ta eit skikkelig oppgjer med partiet ditt. Sak- «Omstilling 2020» skal opp i fylkestinget i desember og det er då toget går. Slik eg ser det, er det beste å oppretthalde tilboda slik dei er i dag,

Byggfaga har to fulle klasser med 12 elevar både på Vg1 og Vg2 i Herøy i år. Fylket sparer såleis lite eller ingen ting ved flytting.

Skal byggfaga i Herøy flyttast til Ørsta, skal matfaga i Ørsta flyttast til Herøy. Vi må ikkje kompromisse noko her. Ordføraren bør syte for at gode representantar frå næringslivet er med til Molde på måndag.

Hugs at Herøy vidaregåande skule si avdeling i Vanylven vart rasert bort utan kamp. Dette er og ei svekking av vår posisjon, ha med dykk det.

Det er alt for tidleg å legge seg på rygg med føtene i veret dette.

Vi har og ein kamp for tannklinikken i Fosnavåg som også må kjempast.

Lukke til.