Fritt ord:

"Blir barnet ditt mobba eller trakassert på nett?"

Då kan det vere at dei har lasta YOLO-appen på telefonen sin. YOLO er eit tillegg til snapchat der du loggar deg inn med din snapchat konto. (Innlegg)
Fritt Ord

Denne appen er ein del av rekka med appar som gjev muligheit til å sende deg meldingar anonymt. Desse appane «poppar opp» og blir populære rundt omkring for så å forsvinne igjen.

Akkurat no er det denne som er i «vinden» mellom barn og unge Herøy. Den er kopla til Snapchat appen og kan brukast berre som eit vedlegg til denne.

Snapchat har 13 års aldersgrense, men vi veit at denne vert nytta av barn langt yngre enn 13 år. YOLO har aldersgrense 17+ i Appstore og Play butikk. I brukar vilkåra står det at den ikkje er retta mot barn og unge under 13. Dette klarer du ikkje å unngå dersom barnet allereie har fått oppretta ein Snapkonto, då har du allereie godkjent opning for denne typen appar også.

Etter å ha opna YOLO i Snap får du opp ei tilsynelatande kjekk side, der du med din avatar ( ditt bilde) ber om ærlege meldingar. Når du trykker på Shareknappen vert det sendt ut ei lenkje til dine kontaktar som får varsel om muligheiten til å sende deg anonyme meldingar. Denne lenkja kan også delast/videresendast utan at du ser det, slik at du har ingen kontroll på kven som faktisk kan sende deg anonyme meldingar.

Slike appar kan vere ekstremt angstframkallande fordi du ikkje veit kven den anonyme meldinga kjem frå. Det kan vere ein av dine «venner» eller det kan vere at ein av «dine venner» har delt denne til sine kontaktar som igjen har delt osb.

Appen har i Herøy vore nytta til både å sende trugsmål og uønska seksuelt innhald. Begge delar er straffbare handlingar, men utruleg vanskeleg å nøste opp i fordi vi har opna for anonymitet.

Beredskapsteamet si oppfordring til foreldre er:

- Snakke dagleg med sine barn/unge om korleis dei har hatt det på nett, dette bør vere like naturleg som å spørje om korleis dei har hatt det på skule.

- Vis positiv interesse for kva barnet/ungdommen held på med på nett.

- Ta deg tid til å spele litt ilag med dei ( sjølv om du syns det er kjedeleg). Då får du lære spelet, sjå kva det går ut på og sjå korleis «sjargongen» er mellom spelarane dersom det er eit online spel.

- Snakk med barnet/ungdommen om kva appar du ikkje vil dei skal vere på og kvifor.

- Ikkje straff barnet/ungdommen med å « ta telefonen» dersom dei gjer ein tabbe. Det du oppnår med ei slik straff er at dei ikkje kjem til deg for å få hjelp sjølv om dei vert utsett for forferdelege ting på nett. For å kunne hjelpe dei er vi avhengige av at dei tør å fortelje og vise oss kva dei vert utsette for.

Helsing: Beredskapsteamet i Herøy v/ Hilde Hestås