Verdig alderdom

Vi ønskjer alle at våre foreldre og besteforeldre skal få ein god og verdig alderdom.
Fritt Ord

Eldreomsorga er svært viktig, særleg når vi veit at talet eldre vil meir enn doble seg fram mor 2040. Vi må sørge for at alle kjenner livskvalitet!

Eldre skal ha ein god og trygg heim, enten dei bur på sjukeheim, i omsorgsbustad eller i eigen bustad. KrF nasjonalt har sørga for at par som ønskjer det, skal få bu saman på sjukeheim eller i omsorgsbustad. Herøy KrF er opptatt av å styrkje heimetenesta, også tverrfagleg. Vi trur dette er nød-

vendig for at dei eldre skal få det slik de vil, bu heime lengst muleg.

Som kommune og samfunn har vi eit ansvar for å ta vare på menneske rundt oss. Den eldre generasjon har vore skattebetalarar og arbeidarar i mange år og tent samfunnet. Dei har gjort ein innsats for samfunnet og dei fortener at samfunnet stiller opp og tilbyr den hjelp og omsorg dei treng!

God og sunn mat er viktig både for trivsel og helse, og for dei fleste av oss er måltida viktige arenaer for fellesskap og glede. Mange eldre slit med underernæring og einsemd. Det var ein viktig siger for KrF i regjering då vi sørga for ei tilskotsordning til kjøken i sjukeheimar. Kanskje kan vi få til ein kafe i tilknytning til kjøkkenet også? Slik vi kan ta med våre eldre dit når vi er på besøk?

I valkampen for 8 år sidan snakka Herøy KrF om framtida sitt eldresenter. Der vil vi ha kafe, frisør og fotpleiar, for å nemne noko. Dette har vi ikkje klart å få til. Det betyr ikkje at vi har gløymt det! Vi trur at dette er framtida, og vi vil jobbe for å få det til! Før den tid må vi jobbe for å få på plass ein sjukeheimslege og auke i grunn-

bemanninga, dette er nødvendig for stabilitet og tryggheit. Meir fysisk aktivitet må vi også få til. Her er frivillige lag og organisasjonar av stor verdi for å få dette til.

Alle menneske har ein unik verdi frå livet startar til livet sluttar. Det betyr at ei stemme på KrF er ei stemme til alle eldre som fortener ei verdig eldreomsorg. Vi har eit sam-

funnsansvar med å ta vare på alle menneske i samfunnet vårt. Då må vi levere gode tenester og eit godt nok tilbod til de eldre.  

Herøy KrF

Evy Helen Kvalsvik, Bjørg Eli K. Muren og Anita Onen