Stem på Folkelista i år

- Eit godt demokrati er viktig, og Herøy kommune skal styrast av folket og folket sine talspersonar, ikkje av administrasjonen. Og – Folkelista kan samarbeide med alle.
Fritt Ord

Folk veit best kvar skoen trykkjer – og ved å ha opne kanalar mellom den einskilde, den folkevalde og administrasjonen får vi oftast dei bete løysingane. Folkelista er ei liste for alle. Vi har med unge og eldre og som femnar om politisk ståstad frå venstresida, via sentrum til høgresida. Det er vi åleine om, og vår liste er ikkje rangert, du som veljar kryssar av den du vil stemme på. Bjarne Kvalsvik står på topp, som Folkelista sin ordførarkandidat.

Folkelista meiner at i viktige saker for bygd og by, bør det arrangerast folkemøte. I store og viktige saker bør det haldast folkeavrøysting, t.d om spørsmålet om kommunesamanslåing kjem opp på nytt. Eit godt demokrati er viktig, og Herøy kommune skal styrast av folket og folket sine talspersonar, ikkje av administrasjonen. Og – Folkelista kan samarbeide med alle.

Viktige stikkord frå programmet til Folkelista i komande valperiode er:

God helsehjelp for alle, viktig å legge til rette for at alle får den helsehjelp dei har krav på. Få faste og stabile legar på Eggesbønes. Legevakta må ikkje svekkast.

Oppretthalde alle grendaskulane så lenge der er elevgrunnlag og så lenge foreldra ynskjer det. Barnehageplassar til alle. Arbeide for ny Nerlandsøy skule, og Borga må totalrenoverast. Det skal vere to kommunale ungdomsskular. Herøy vidaregåande skule skal vidareutviklast og fornyast på tomta den har i dag. Arbeide for fleire lærlingeplassar.

Trygg trafikk. Trygg skuleveg må vere ei sjølvfylgje for alle  - uansett kvar dei bur i kommunen.  Folkelista vil prioriere nokre vitige strekningar med gangveg. Auke vedlikehald av vegar og gangvegar. Stå på i arbeidet med nye bruer over Valuane og Dragsundbrua, den siste i samarbeid med Ulstein. Farlege vegstrekningr må få gatelys, slik som Dragsundbrua – Aurvågtunnelen.

I klima og miljøspørsmål er Folkelista imot all utbygging av vindkraft. Kulturlandskapet i kommunen må takast vare på. FN sine 17 berekraftsmål må vere i fokus. Utviklinga av fuglefjellet på Runde må stå i fokus. Verne om våtmarks-

område.

Viktig med spreidd busetjing i kommunen vår. Det må leggast til rette for bustadbygging i alle bygder. Då må verte enklare for ungdom å skaffe seg bustad. Støtte opp om arran-

gement og møteplassar i heile kommunen. Bygdene må få betre rutetilbod – også når det er skulefri.

Fosnavåg skal vere eit aktivt sentrum. I samband med miljøopprustinga av Fosnavåg hamn, skal miljøgiftig slam nyttast til utviding av kai i indre hamn og bygging av kai/strandpromenade frå sentrum til Nørvågen. Politiet må ikkje flyttast ut av kommunen. Støtte opp om utviklinga av parken i sentrum og vedlikehalde aktivitetsparken ved kulturhuset.

Folkelista seier nei til eigedomsskatt. Det må vere tilgjengeleg næringsareal i alle delar av kommunen. Kaiene på Mjølstadneset bør priorierast. Vi må legge til rette for nyetableringar og vidareutvikling av eksisterande næringsliv. Turistinformasjon på Runde og i Fosnavåg. Utarbeide kommunal forskrift for regulering av bubilparkering.

Dette var berre eit kort resyme av programmet til Folkelista. Du har fått det i postkassa, ta det opp og les gjennom det. Vi i Folkelista tykkjer det er eit godt program som femner om dei fleste sakene du som veljar er oppteken av. Ingen set fokus på så mange saker som Folkelista.

Berre i siste kommunestyret fekk Folkelista gjennomslag for å bygge eit nytt toalett i Goksøyra, eit bygg som vi kan vere stolte over å vise fram. Folkelista fekk og gjennomslag for at gravplassane på Nerlandsøy, Remøy og Runde skal bestå også i framtida. Det var nemleg forslag om å avvikle dei når ny gravplass for Bergsøy og Leinøya står ferdig. Folkelista fekk hindra dette.

Bruk stemmeretten din og stem Folkelista! Godt val!

Kjell Runde

listekandidat Folkelista