Positivisme, samarbeid og handling

- Er der null elevar på ein skule, så kan ein over tid ikkje drive skule. Dette skjønar alle.
Fritt Ord

Eg brukar å stå tidleg opp laurdagsmorgonane slik at eg kan bruke god tid på å lese aviser – både lokale og nasjonale. Eg likar best dei lokale, dei nasjonale finansavisene vert litt fjerne og det er mykje snakk om milliard-formuer og fulle sider med dyre hytter på nokre fjell nær dei store byane. Derfor brukar eg etter avisstunda å køyre ein tur her eg bur – i Haugsbygda. Gjerne ned om hamna og helse på Geir Flø og Gunnar Skorpen – dei som driv og bygger hurtigbåtar. Dei er eit godt døme på eigarar og drivarar av slike verksemder som faktisk utgjer størsteparten av næringslivet i dette langstrakte landet.

GS Marine kan vere eit kortreist og godt døme på lokal positivisme, samarbeid og handling. Og grunder-ånd og uredd framtidstru. Nyleg leverte verksemda to katamaranar med nyaste teknologi, ein ny som skal til Færøyane er under støyping. Der er lange dagar – og laurdag ikkje noko unntak. Eigarane satsar det dei eig på å utvikle verksemda og nye arbeidsplassar.

Like i nærleiken ligg Proas – ein nybygd sjark står på utsida. Inne i verkstaden fleire nye på gang. Fiskebåten Haugstad har bygt seg ny base og det som var ei halv-ferdig Haugsbygda hamn har blitt ei ferdig utbygd hamn med plass til både båtplassar, fritidshus og jamvel bunkerstasjon. Gamle Longva Mek. har fått nye eigarar og drivarar som skaper nye produkt og er ein stor og viktig arbeidsplass i lokalsamfunnet. Ein lokal grunneigar har brukt pengar på å lage klar grunn for nye utviklingsmulegheiter som fort kan dukke opp.

Nyleg las vi om Plany som ligg like ovanfor hamna – same gode dømet – lokale eigarar som satsar store midlar på å utvikle nye produkt og framtidsretta arbeidsplassar. Vinn eller forsvinn. Ingen dans på roser – men hardt arbeid, pågangsmot og framtidstru i lag med dyktige tilsette. Den lokale barnehagen måtte utvidast etter at folk starta å både bygge leiligheiter og nye bustader i bustadfeltet – og andre stader i bygda.

Gamle hus vert vølte og oppgraderte til nye moderne bustader. Bygda veks. Eg kan ikkje hugse at så mange hus var under oppføring eller oppgradering samstundes i Haugsbygda. Det er ikkje mange år sidan det var meir negative stemningar å spore. Eit gammalt forsamlingshus, nedlagt butikk og ein gammal skule som stod tom. Ungdomar som flytta – langt bort. Så etter nokre år med positivisme, samarbeid og handling frå bygdafolk, lag og organisasjonar, næringsliv og ikkje minst politisk og administrativ velvilje så kan ein i dag sjå i bygd som er i svært positiv utvikling. Om eg køyrer innom Gursken kyrkje, som forøvig er eit dagsaktuelt døme på god dugnadsånd, pågangsmot og samarbeid, så er det enkelt å finne mange gode døme på positiv utvikling. Siste åra med ny gangveg, kunstgrasbane og stadig fleire hus som ungdomar kjøper og tilpassar for sin framtidige bustad. Nok om det som skjer rett utanfor stovedøra.

Sandsøya

Eg er lei meg, ikkje det at det hjelper stort, men lei meg for at øya i lag med Kvamsøy har hatt slik nedgang i folketalet. Og på slutten av denne kommunestyreperioden måtte vi også vurdere framtida til skulane. Eit samla kommunestyre var på god veg til å gjere vedtak om å slå saman skulekrinsar i kommunen. Sandsøy/Kvamsøy og Gjerdsvika med Gursken. Så kom der eit kraftig innbyggarinitiativ frå største arbeidsplassen på Sandsøy. Blei skulen lagt ned så flytta verksemda (Sandefisk) arbeidsplassane bort frå øya. Resultatet blei ei utsetjing av endringa av skulestruktur for å få meir kjøt på beinet kva som kunne kome ut av dette initiativet.

Ingen likar å få ultimatum – men, heldigvis evna vi i kommunestyret å ta oss tid til å ta ein time-out på eit par år og i den tida ha dialog med innbyggarane og ikkje minst næringsdrivande om kva dei ser for seg av mulegheiter og satsingar. Eg var heldig som hadde høve til å vere på møtet på Dollstun før sommarferien der bygdeutvikling og framtidstru stod på dagsorden.

Det var også på dette møtet det blei kunngjort at Roger Halsebakk skulle satse på å utvikle Rosenlund. Ei fantastisk nyheit – og eg kunne kjenne ei stor glede i salen der og då. Så kan vi lese og høyre og sjå om andre gode nyhende på øya. Der er planar om å bygge ein firemanns-bustad. Dette er – trur eg – ein heilt vesentleg del av det å snu ei negativ utvikling. Og, for å få det til treng ein (dessverre) patriotkapital. Ein kan ikkje forvente at ein ungdom byggjer fire leiligheiter på spekulasjon. Men eg tenkjer det er fantastisk godt nytt om og når dette vert sett i gang. Det har også blitt bygt slike bustader på Voksa. Stå på. Så les vi om samvirkelaget (Coop eller «kopen») som satsar for framtida. Mange arbeidsplassar, men ikkje minst også eit bevis på eigarar som ønskjer å satse.

Sandsøy Servicebåt er ei anna verksemd som satsar – tenk på alle dei nye arbeidsplassane som har kome til gjennom dette selskapet siste åra? Sandefisk driv meir heilårsverksemd og med snart to linebåtar i fiskeri så er det også ei svært stor satsing for framtida. Spleiselaget med ny fiskerikai var viktig – og rett. Eg er trygg på at der kjem ein ny laksekonsesjon i operasjon om eit år eller to. Også her er det snakk om mange nye arbeidsplassar. Rosenlund har eg allereie nemnt. Fiberen er på plass – den spleisa folk, næringsliv og kommune på. Eg er trygg på at turisme også kjeme til å tilføre Sandsøya mange spennande arbeidsplassar i tida som kjem. Og, ikkje minst ei fantastisk marknadsføring av både øya, kommunen og distriktet.

Elles er vi heldige alle vi som kan reise på øya å delta på Sjutoppsturen som Eirik Voksøy, Sandsøy idrettslag og mange frivillege står bak. Det same gjeld Arthurspelet. Sandsøya har også eit landbruk som er i sving. Dette er sjølvsagt viktige arbeidsplassar, men også ei næring som også dokumenterer sin verdi gjennom nyslegne markar og beita kulturlandskap. Og så er det faktisk kjekt å kunne møte både sauer og kyr – det blir stadig færre stadar som kan vise fram eit autentisk kystlandskap. 

Politisk

Eg har stor tru på at Sandsøy-folket i lag med patriotkapital, framtidstru og positivisme, klarar å snu den negative trenden som har vore. Ikkje minst med dei teikna som eg meiner å observere. Og så er der mange som har halde samfunnet i sving – også desse åra med fråflytting og fallande folketal. Alle desse, i lag med dei nye positive kreftene som no er i sving. Det vil bli ein beinhard kamp. Mange motbakkar. Men eg er trygg på at det vil gå bra. Eg har opplevd og sett det same i Haugsbygda. Fleire ungdomar som både vil og kan og fleire med kapital som satsar.

Vi som politikarar har ei viktig rolle. Ja, vi må styre etter budsjett og vi må tilpasse drifta etter behovet. Er der null elevar på ein skule, så kan ein over tid ikkje drive skule. Dette skjønar alle. Men vi har også ei viktig rolle som politikarar, og det er å legge til rette og ha framtidstru. Ikkje ta håpet frå folk som både vil og kan. Og særskilt når der er positive krefter å spele på lag med. Og når statestikkar på folketal går nedover, så er det også vår oppgåve å prøve å snu slike trendar. Det betyr at vi må være ekstra lyttande til det som no skjer på Sandsøya. Og så må vi gjere det vi kan for å legge til rette på alle mulege nivå av tenester som trengs.

I det korte biletet gjeld det til dømes pendlarbåten og ferjetilbodet. Og vi må ha is i magen til å sjå kva dei nye næringsdrivande treng av kommunale tenester for å kunne satse. På alle nivå, inkl. barnehage og skule. Tomter, vegar og annan infrastruktur. Og kommunen må syte for å slå kantane slik at det ser ut som om at ein trur på at her skal bu folk neste år også. Når det no er valkamp, og eg heiar og håpar på at Dag skal halde fram som ordførar, så er det for at eg er trygg på at han vil jobbe på lag med desse kreftene. Slik vi har sett med hamneprosjektet i Gjerdsvika, nye prosjekt på Kvamsøya. Og Larsnes – sjølvsagt. Sjøkanten og nye bustader. Sandetun-utbyggingar. Idrettshallen som aldri hadde kome utan stor frivilleg innsats og kommunal velvilje og prioritering. Hard jobbing for å få Storehaugen på plass. Eg heiar på Dag, på alle positive krefter som trur på bygda si, på Sande kommune og framtida. Eg vil vere den siste optimisten som gjev opp. Og eg håpar på fire nye år for Dag.