Maten vår ein viktig trivselsfaktor

- Ikkje lat det gå sport i å sentralisere og effektivisere alt mogeleg, sjølv om reknestykket syner talet med to strekar under ein eller to prosent innsparing.
Fritt Ord

Som nokre har fått med seg via min introduksjon på Facebook til lokalpolitikken, so er ei av mine hjartesaker våre eldre, deira behov, ynskjer og tilbod. Eg vil her gjere greie for nokre spesifikke tankar kring dette.

I Herøy kommune er vi so heldige at vi har to omsorgssenter, begge med tilhøyrande omsorgsbustader for dei som klarar seg bra i kvardagen, men som kanskje har behov for litt hjelp. Vi har og eit godt utbygd heimetilbod, der pleiarar reiser ut til heimane til brukarane, og syter for naudsynt tilsyn, litt hjelp, selskap og anna.

Eg likar å tru at den servicen Herøy kommune yter til våre eldre er ein god og adekvat service, både med tanke på helsehjelp, aktivitetar og andre stimuli, generell omsorg og næringsrik kost.

Som dei fleste av oss, so har også eg sjølv hatt nær slekt som bebuarar på desse omsorgssentera, og sjølv om eg ikkje har hatt full oversikt over alle døgnets 24 timar, så likar eg å tenke at mine nære også fekk oppfylt dei behov dei hadde i perioden, både kva helse, aktivitet og ernæring galdt.

No er eg langt ifrå nokon ernæringsekspert. Eg har heller ingen kunnskap om slikt utover at eg likar både å tilberede og å ete mat, men eg veit at det å ete eit varmt måltid i fellesskap med dei eg kjenner, bidreg til at min dag vert betre. Eg vert oppkvikka både fysisk og psykisk, og kvardagen min synest generelt lettare.

Når ein snakkar politikk og eldre, so kan ein ikkje unngå å kome innom historia og mange økonomiske kutt for styresmaktene. Alt skal koste mindre, vi vil ha meir, både i mengde og fleire tenester, men samstundes lågare kostnader. I slik ein iver etter å «spare», har ofte eldreomsorga vore ein av dei fyrste avdelingane som har fått føle «sparekniven».

«Det skal kuttast på dusjing for å spare...»

«Det skal kuttast på bruk av rekvisita for å spare...»

«Ein skal ikkje servere bacon meir enn ein gong i månaden for å spare...»

«Kveldskosen må kuttast vekk for å spare...»

Nei, eg meiner ikkje denne lista bokstaveleg, men eg trur dei fleste skjøner kva eg vil fram til.

I all denne sparinga og «ernæringspraten» er det ein ting eg fryktar at framtida kan bringe for dei eldre sin dél; ei privatisering eller sentralisering av omsorgstenestene, også til å inkludere kjøkkentenester.

Det er ikkje det, dei eldre vil sikkert få den same næringsrike kosten som dei alltid har fått, kanskje med litt lågare temperatur enn kva dei er vande med, kanskje ei anretning som vert prega av å ha vorte frakta med biltransport, men allikevel. Kanskje vil ein etter kvart, med ei privatisering over tid, få maten servert i styrofombeger med tilhøyrande eingongsbestikk, sidan ein ikkje har sett seg råd med eit organisert mottak for skitne tallerkar og stålbestikk, og det aleine vil nok kunne ta matlysta frå alle og einkvar.

Noko som er like viktig, men som og vil forsvinne med ei privatisering eller sentralisering av denne tenesta i sær, er eimen av nylaga mat, lukta av nybaka brød og bollar, forventningane og kosen med lokalprodusert næringsrik kost.

Nokre av dokke vil kanskje fnyse av desse tankane, men eg vil då oppmode alle til å tenke på til dømes julehøgtida; Korleis vil julematen smake utan førmiddagstimar med aukande julelukt i huset, utan eimen av svidd svor og nydampa Brudevollmør, poteter og rabbe med meir? Kva vil ikkje ein slik mangel i totalopplevinga kring måltida kunne gjere med matlysta som kanskje allereie ikkje er på topp?

Eg vil difor oppmode våre folkevalde til å oppretthalde tilbodet og servicen som dei lokale kjøkkena på begge omsorgssentera utgjer. Lat dei eldre framleis få kunne nyte lokalprodusert og gjerne kortreist mat der dei har sin bustad og sin kvardag. Lat dei eldre framleis få kunne ha glede og nytte av eit lite te- eller postkjøkken, når «ånda» til noko godt på kvelden melder seg.

Ikkje lat det gå sport i å sentralisere og effektivisere alt mogeleg, sjølv om reknestykket syner talet med to strekar under ein eller to prosent innsparing.

Våre eldre er den einaste årsaka til at vi er her i dag, dei er den einaste årsaka til at vi har det so godt som vi har det i Herøy kommune. Det er våre eldre som skal ha det absolutt beste vi klarer å framskaffe og stille til disposisjon, sjølv om dette då må gå på bekostning av andre oppgåver, anten det er kunst og utsmykking, solpark, konsulenttimar til mongt og mykje, eller glastak i sentrum.

Asgeir Olsen,

listekandidat for Herøy Senterparti