Ingen vits i å stemme i Sande

- Eg med fleire er forskrekka over kor kommunen har gått fram for å få utbygging i ei jordbruksbygd som Hallebygda når det er ei mengd med svært gode alternativ, skriv Torleiv Storegjerde
Fritt Ord

Eg kontakta for ei tid sidan ein politikar for å få hjelp mot desse bustadfelt-planane. Svaret eg fekk var: «Vi må alle vere einige». Dette vert som eit eittpartisystem, og er ikkje noko demokratisk system.

Eg med fleire er forskrekka over kor kommunen har gått fram for å få utbygging i ei jordbruksbygd som Hallebygda når det er ei mengd med svært gode alternativ.

Det er skrive brev til ordførar, kommunestyre og administrasjon. Det er klaga til Fylkesmannen på manglande svar, utan at det hjelper nokon ting.

Eg har møtt den tause mur i kommunen. Dette er Sande kommune sin måte å handsame meg som jordbrukar og grunneigar. Kommunen vil ikkje svare fordi ein ikkje har noko godt svar. Valet av utbyggingsområde er dårleg, og svært skadeleg for jordbruket i bygda.

Kommunen bryr seg ikkje noko om oss, men kallar oss i retten via sin advokat kverulantar. Eg fekk vite i overskjønnet av same advokat at «eg hadde berre å innrette meg».

Søre Sunnmøre tingrett handsama også kommunen sine manglande svar. Eg har heller ikkje fått svar frå kommunen på kva lovheimel ein har til slik praksis. Eg har sjekka saka juridisk, og kommunen har ingen slik heimel til slik praksis. Lova er broten for å få viljen sin, og der er ingen instans som stoppar saka.

Dette veit kommunen og kommunen sin advokat, at det er berre å køyre på mot grunneigarar og andre motstandarar. Lovene er ikkje noko å bry seg om, for dei veit av praksis frå andre kommunar at dette går gjennom.

Eg skal ikkje stemme på politikarar som oppfører slik som nemnt her. Det vil seie ingen i denne kommunen, og eg vil råde alle andre grunneigarar til å vere klar på sine rettar. Det må skaffast ein god advokat, og for all del, ein må ikkje lite på kommunen.

Torleiv Storegjerde