Framtidige tiltak i Ytre Herøy

Til liks med indre Herøy, vil KrF også satse på gode tiltak i ytre del av kommunen. Desse tiltaka må sjåast over ei fireårsperiode. Spesielt ønskjer vi å fokusere på trafikktrygging og konkrete tiltak som vil gi noko tilbake til lokalsamfunnet.
Fritt Ord

Vi vil ha utbetring av fylkesveg 18 Leine - Voldsund. Vårt ønskje er at det blir laga ei løysing som både er trygg og realistisk å gjennomføre. Løysinga må vere i dialog med innbyggjarane langs vegen. Vi vil også søke om å få forskottere løysinga med fylkeskommunal garanti.

Herøy KrF er oppteken av tryggare trafikale forhold på Myklebust og Hjelmeset. Her vil vi ha ny rundkøyring ved Kiwi/Extrakrysset. Fortau må etablerast mellom Eggesbøvegen og Kvithaugsmyrvegen og Forbi YX og Cash&Carry, og mellom vegen til Gjerdet og til rundkøyringa.

I Fosnavåg sentrum vil vi ha opprusting av allmenningskaia til ny offentleg møteplass. Her vil vi ha på plass sitteplassar, toalett/stellerom, sanitæranlegg for båtturistar og kanskje på sikt få etablert eit fisketorg. Vi ønskjer at allmenningskaia skal vere plass nummer ein for arrangement i Fosnavåg sentrum. Kaia skal vere triveleg og innbydande, både for fastbuande og besøkande i kommunen vår. Tenk deg å kunne få kjøpe fersk fisk og skaldyr på kaia!

Herøy KrF er opptekne av kommunikasjon og vil difor ha fiberutbygging på Runde og mobildekning på Sande! Vi vil at innbyggjarar og næringsliv skal kunne ha god og rask internettdekning.

Vi vil ha realisert utbygging av nytt byggefelt på Bø/Arhaug. Her har folket venta altfor lenge på at noko skal skje. No må vi få fortgang og få dette realisert!

På Teigane (Nerlandsøy) må det gjerast utbetring av fylkesvegen slik at både bilar og mjuke  trafikantar kan ferdast trygt. Det er også viktig å starte planlegging av gangveg frå Frøystad til Torvik.

Vi ønsker å realisere nye kaier på Mjølstadneset. Dette for å skape næringsareal og vekstmoglegheiter for fiskeri og maritim næring.

Fosnavåg hamn må realiserast med utdjuping og miljøopprydding. KrF vil lytte til aktørane som er etablerte der i prosessen og arbeide for at dei kan få gode utviklingsmoglegheiter når nytt deponi skal etablerast.

Runar Olsen, Marvin Kopperstad

Herøy KrF