Ei investering i framtida

- Ei sterk skulehelseteneste med helsesyster er eit godt tiltak og viktig moment iførebygging i skulen.
Fritt Ord

Herøy Arbeiderparti ynskjer å styrke det psykiske helsetilbodet, særleg blant dei unge. Å investere i dei unge si helse er ei investering for framtida. Komplekser og ei kjensle av å ikkje vere bra nok, må handterast, og stigmatiseringa fleire opplever ved å oppsøke hjelp må bli tatt tak i.

Vi kan i dag sjå ein stadig auke i psykiske problem hjå barn og unge. Spørjeundersøkingar viser at fleire unge slit med depresjon, søvnproblem og einsamheit. Ein har tidlegare tiltenkt at dei psykiske vanskane automatisk var ein reaksjon på dårlegare skuleferdigheiter, medan ein med nyare forsking kan sjå at desse heller har eit gjensidig forhold der det er like godt mogleg at dei dårlegare skuleferdigheitene er eit resultat av problem i den psykiske helsa.

I følge Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet oppgir 25% av unge at dei opplever psykiske plager. Tidleg innsats kan påverke og vidare redusere fråfalla i vidaregåande skule. Barn treng også å bli lytta til, ha si meining og bli respekterte deretter. Skal skulen vere ein arena som førebygg psykiske helseplager, må den fungere som meistringsarena for barn og unge. Å føle meistring i kvardagen kan vere eit viktig moment for den enkeltes kvardag. Det er viktig å lage eit tilrettelagt og tilpasse tilbod på opplæring som styrkar eleven, istadenfor å bryte eleven ned.

Ei sterk skulehelseteneste med helsesyster er eit godt tiltak og viktig moment iførebygging i skulen. Skulehelsetenesta skal vere eit godt lavterskeltilbod som skal nå alle, tenesta må difor vere tilgjengeleg og vere informert for elevane. Tilbodet med helsesyster må også vere tilstrekkeleg, og ikkje berre vere tilgjengeleg nokre timar to dagar i veka på ungdomsskulen.

Helsesektoren treng difor ikkje kutt, men heller ei styrking. Herøy Arbeidarparti ynskjer å styrke det psykiske helsetilbodet, særleg blant dei unge. Vi ynskjer å utvide skulehelsetenesta, og gjere helsestasjon for ungdom meir til-

gjengeleg. Vi ynskjer også å tilrettelegge lokasjonar, der ungdom kan oppsøke hjelp utan å måtte tenke på stigmatisering frå andre. Å investere meir i god skulehelseteneste, er å investere i god framtidig helse.

Godt val!

Ingvill Beate Sævik Bjørneset

Varaordførarkandidat, Herøy Arbeiderparti