Det hastar med å heve allmenningskaia

Under valkampen har alle dei lokale partia vore svært tydelege på at turisme og sentrumsutvikling dei komande åra må bli eit av hovedsatsingområda for vekst og utvikling i kommunen vår. Det er heilt nødvendig, og det haster med å kome i gang.
Fritt Ord

Handelsstanden i Fosnavåg slit, til liks med andre bygdebyar. Politikarane og næringslivet i nabobyane våre, t.d. Ørsta, Ulsteinvik og Stryn, -  har dei siste åra satsa på byutvikling og skapt attraktive handelssentrum, noko som har gitt gode resultat.  Difor haster det no å kome i gong med eit skikkeleg løft og oppgradering også av vårt handelssenter for å snu den litt negative trenden. Det kan bli skjebnesvangert å bli ståande igjen på perrongen.

Vi må igjen sette byutviklingsplanen på sakskartet, og i nært samråd med innbyggjarane, næringslivet og turistnæringa utarbeide ein heilskapleg og framtidsretta plan for å skape eit meir tiltalande og koseleg sentrum.

Eit tiltak som vi kan gripe fatt i allereie no, og som må prioriterast, er «å ta tilbake» Almenningskaia  og utvikle dette området til eit triveleg torgområde /festivalplass. Slik området framstår i dag, er det ein skamplett som har svært liten nytteverdi for lokalsamfunnet. Dette området har gjennom alle tider vore den mest sentrale samlingsplassen og har vore «sjela» i Fosnavåg. Det bør den bli også i framtida, men den skrik no etter ei skikkeleg oppgradering.

Det ligg no føre planar om ei mindre oppgradering av kaiområdet - som etter vårt syn er altfor «puslete» og ikkje nok framtidsretta. For å få til ei god framtidig løysing, er det eit «must» å først få heve Almenningskaia, slik det lenge har vore snakka om, og som også kommunestyret har gjort vedtak om. Etter å ha heva kaia, kan vi utvikle ein heilheitleg, praktisk og permanent plan – og skape ein unik samlingsplass som mange vil misunne oss – midt i hjartet av Fosnavåg. Ei oppgradert, heva kai, kan brukast som anløp for hurtigbåtar i samband med  turistsatsing, scene/teltplass for festivalar og andre arrangement, grøntområde -  og ikkje minst skape ein triveleg torgplass, gjerne med fisketorg. Berre fantasien set grenser. Kanskje kan det vere aktuelt med ein arkitektkonkurranse for å få ei maksimal løysing?

Alle saknar den koselege og unike stemninga frå tidlegare maritime sommardagar og andre arrangement  då underhaldning og andre aktivitetar var lagt til kaia/hamneområdet. Hamna var fyllt opp med båtar frå alle kantar og det myldra av folk i gatene. Fosnavåg vart verkeleg sett på kartet.

Denne stemninga må vi gjenskape.

Kystbyen Fosnavåg har kanskje landets  mest spektakulære naturhamn, som mange misunner oss.  Dette har vi politikarar ikkje vore flinke nok til å sjå verdien av og utnytte.

Hamna og området rundt Almenningskaia har i alle år vore, og vil bli, sjela i fiskarlandsbyen Fosnavåg. Ved å ta dei rette grepa har vi no ei unik mulegheit til å skape ein av dei mest unike og idylliske småbyane på Vestlands-kysten. Ein turistmagnet i seg sjølv.

Det er på tide at vi politikarane no tek dette på alvor legg forholda til rette for å skape eit tiltalande og koseleg sentrum.

Men for å få til ei framtidsretta og permanent ordning, og unngå meir «klatting»,  er det avgjerande at kaia blir heva til same høgdenivå som hotellkaia, noko som også lenge har vore eit ynskje frå folket, hotell-leiinga, turistnæringa og fiskeriinteressene.

Godt val til alle.

Svein Gjelseth    

Listekandidat Herøy Ap