Ynskjer vi å ha ein frivilligsentral her hos oss i framtida?

Fritt Ord

Det held ikkje å ynskje, vi treng at politikarane våre aktivt støttar oss.

Kommunereforma gjer at det statlege tilskotet til Frivilligsentralen fell vekk frå 2021, eit tilskot som blei innført for 30 år sidan. Frivilligsentralane vert då avhengige av at kommunen aukar tilskotet sitt tilsvarende for å kunne oppretthalde budsjettet til frivilligsentralen. Vi og dei fleste av kollegaene våre på dei 461 frivilligsentralane i landet, fryktar kva dette vil bety for frivillig innsats i kommunen vår.

På sentralen vår er alle velkomne. Du kan kome som gjest eller deltakar. Du kan kome som frivillig med mykje tid, eller lite tid. Vi jobbar for å skape eit samfunn der vi tek vare på kvarandre uavhengig av alder, fysikk, etnisitet og kjønn. Vi er her for alle. Alt vi krev, er at alle behandlar kvarandre med respekt og forståing. Har vi råd til å miste dette?

Det er snart val. Det bør vere eit unisont krav frå alle lokal-politikarar, uansett parti, å krevje at Stortinget opprettheld støtta si. Dersom du er glad for at vi er her, dersom du ønskjer at vi skal halde fram med arbeidet vårt i sentralen, treng vi di hjelp. Uansett kva du stemmer, uansett om du stemmer – krev at lokalpolitikarane våre skal skal stille seg bak kravet: Frivilligsentralane skal framleis få driftstilskot frå staten.