Tre av mange viktige saker

Fritt Ord

Herøy Arbeidarparti (HAP) har  mange gode og  viktige saker vi vil prøve å få gjennomført komande periode, og denne gongen vil eg trekke fram  følgjande tre saker:

- «Læreplassar til alle som har behov for det». Dersom eg vert ordførar , vil eg ta initiativ til eit møte med  næringsdrivande i Herøy for å sette fokus på lærlingeplassar som viktig rekrutteringstiltak til å skaffe seg gode fagarbeidarar. Herøy kommune som arbeidsgjevar skal vere ein føregangskommune når det gjeld å legge forholda til rette for utdanning av fagarbeidarar gjennom lærlingeordninga.

Dette er ei viktig sak for dei mange ungdomane som satsar på å få seg ei fagutdanning.  HAP har som mål at Herøy kommune skal ha minst 2 læreplassar pr. 1000 innbyggar. Erfaring har vist at dersom ein  lærling får læreplass i ein annan kommune, vert ein ofte verande der også etter læretida. Det er difor viktig at det er  nok læreplassar i kommunen , ikkje minst  med tanke på rekrutteringa av fagarbeidarar.

-Lokal innkjøpsstrategi.

Med bakgrunn i nytt anskaffelsesregelverk  vedteke av Næringsdepartementet i 2017,har Herøy Arbeidarparti løfta fram sak om å få utarbeidd ein lokal innkjøpsstrategi. Det nye regelverket opnar for at lokalt næringsliv i langt større grad enn tidlegare kan være tilbydarar i høve kommunen sine innkjøp. Herøy kommune sin detaljhandel utgjer om lag 80 mill. kroner pr. år.

Ein avtale  som legg opp til at kommunen kan kjøpe meir lokalt, kan skape arbeidsplassar og ofte raskare leveransar og betre service.  Her snakkar vi om å ta samfunnsansvar og styrke lokalt næringsliv. Kjem vi i posisjon etter valet, skal  vedtak om ein slik lokal innkjøpsavtale raskt  være på plass.

-Heving av Allmenningskaia.

Allemenningskaia  i Fosnavåg må hevast slik at ho kjem i høgde med hotellkaia. Først då kan vi få eit sjønært område der vi igjen m.a. kan ha store arrangement og festivalar . I Fosnavåg  skal festplassen ligge  på kaikanten og ikkje på Rådhusplassen.  HAP er redd for at enkelte  legg  opp til flikking slik kaia ligg .  Det må ikkje skje at vi no brukar pengar på ei kvasiløysing i påvente av noko permanent og framtidsretta.  HAP vil rett etter valet fremje sak om heving av kaia og utarbeiding av ein plan for å gjere området til ei perle i ei av kystens finaste,naturlege hamner. I samband med satsing på turisme, sentrumsutvikling, trivsel og bulyst, er det  viktig at vi  gjer framtidige utbyggingar  tiltrekkande og skikkeleg.