Stem på ein skule for alle

Fritt Ord

Mange barn med funksjonsnedsetjingar får ikkje gå på nærskulen og blir stengd ute frå den utdanninga dei burde få. Årsaka er måten norske skulebygg er bygd på. Mange av dei er ikkje bygd for alle, men berre for dei som ikkje har ei funksjonsnedsetjing. Konsekvensane er mange og alvorlege – både for individet og for samfunnet.

Skule og utdanning er ein av dei viktigaste byggeklossane i samfunnet. Utdanning betyr at du får kunnskap og verktøy til å realisere potensialet i deg sjølv. Du utviklar sosiale ferdigheiter og venskap. For fellesskapen er det skilnaden på ein høgkompetent arbeidsstyrke og ein med kunnskapshol. For at vi skal utnytte potensialet som ligg i utdanning må vi som samfunn gi like moglegheiter og rett utdanning til alle. Det skjer altfor ofte at barn med funksjonsnedsetjingar må byrje på skular utanfor nærmiljøet. Dei blir sendt til ein skule er som universelt utforma, eller den skulen kom kommunen meiner at funksjonshemma elevar skal gå på.

Er det så farleg, tenker du kanskje? Er det ikkje fint at «dei» kan få gå på same skulen, dei som er så «like»? Svaret på det er at det er segregering. Det er eit brot med opplæringslova som seier at alle barn har rett til å gå på nærskulen. Det er ein farleg veg å gå. Dersom du blir inkludert i utdanninga er sjansen for at du seinare blir inkludert i arbeidslivet langt større. Det betyr fleire arbeidande hender og hovud som er med på å bidra til fellesskapen. Følgeleg fører segregering til det motsette. Dette viser òg forskinga. Jo meir utdanning du har, di lettare er det å få jobb. Slik er det òg for menneske med funksjonsnedsetjingar.

Universell utforming er ikkje spesielt tilpassa løysingar for enkelte menneske. Ein universelt utforma skule er utan fysiske hinder, er lett å fram og orientere seg i, har god akustikk og godt inneklima. Alle skal kunne bruke same løysingane. Einskildgrupper skal ikkje skiljast ut og bli sendt til eigna skular eller separate løysingar. Ein rapport frå Oslo Economics slår dei fast at det vil vere svært samfunnsøkonomisk lønsamt å gjere alle skular i Noreg universelt utforma. Faktisk meiner dei, at om det så ikkje var lønsamt, burde alle skular utbetrast uansett fordi alle må ha tilgang til ein så viktig arena i samfunnet. Det seier litt om kor viktig og genialt universell utforming er. Dessutan er ikkje dette berre viktig for elevane. Både tilsette og foreldre kan ha ei funksjonsnedsetjing. Norske skular blir brukt som vallokale, korpsleirar og arrangementslokale for frivilligheita. Universell utforming er naudsynt for nokre, og gir praktiske og gode løysingar for oss alle.

Difor er oppmodinga vår klar. Når du går til vallokalet 9. september, bruk stemma di og gi henne til nokon som vil jobbe for ein skule for alle. Eller sagt på ein annan måte: Ikkje stem på nokon som stenger andre ute!