Stem for fridom og sjølvstende

Fritt Ord

Når det er kva kommune du bur i som avgjer om du får leve eit fritt og sjølvstendig liv, forstår alle at noko er riv ruskande gale. Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er ei ordning som er meint å gi folk som har eit assistansebehov dei same moglegheitene til å bidra og til å delta på lik linje med alle andre. Slik det er i dag, er det store skilnader mellom kommunane, og mange må kanskje flytte for å kunne leve eit sjølvstendig liv.

Allereie tidleg på nittitalet bestemte myndigheitene at ein skal forstå BPA som eit likestillingsverktøy, ikkje ei helseteneste. Problemet er at mange av kommunane ikkje forstår dette skiljet. Menneske som har eit assistansebehov treng praktisk bistand for å kunne gjere kvardagslege ting. Kle på seg om morgonen, gå på jobb, delta i frivilligheit, gå på kafé med vener. Små og store ting som utgjer sjølve livet. Utan BPA, eller med for få innvilga BPA-timar, blir medmenneska våre forviste til eit isolert og passivt heimetilvære. Du kan bruke stemmesetelen din 9. september til å endre dette i din kommune.

Det er nemleg kommunane som styrer BPA-ordninga. Det betyr at BPA-tilbodet varierer frå stad til stad. Når du har ei funksjonsnedsetjing er det eit sjansespel avhengig av kva kommune du bur i. Nokre i forvaltinga forstår BPA, andre har ikkje peiling. Altfor mange kommunar trur at BPA er ei helseteneste. Det betyr at ein berre får assistanse til det mest basale – dei same tenestene som heimehjelpa tilbyr. Men BPA er ikkje heimehjelp. Det er fridom til å gjere kva ein vil i og utanfor heimen. Mange kommunar praktiserer kommunearrest. Tenk om det var du som hadde eit assistansebehov, og tenk om kommunen du bur i sat ei rekke krav eller ikkje tillèt at du reiser utanfor kommunen din med assistent. Dersom du har eit assistansebehov betyr det i realiteten at du aldri får forlate kommunen din. Korleis er dette der du bur?

Vår medlemsundersøking om BPA frå 2017, «Likestilling i revers?» er urovekkande lesing. 36 % av de spurte får ikkje tilstrekkeleg assistansetimar til å dekke behovet sitt. 30 % må nedprioritere grunnleggande behov som tannpuss og dusjing. Heile 70 % må nedprioritere sosialt liv og fritid. Det mest urovekkande er at dette gjeld for 100 % av dei under 18 år. Ungdomane våre blir forviste til eit liv i isolasjon og utestenging. Det er uakseptabelt og kan ikkje tolererast. Dine kommunepolitikarar bestemmer – du bestemmer kven dei skal vere.

Difor er oppmodinga vår klar. Bruk stemmeretten din 9. september og gi han til nokon som vil styrke BPA-tilbodet der du bur. Ver med å stem fram eit samfunn som heiar på fridom, sjølvstende og inkludering. Eller sagt med andre ord: Ikkje stem på nokon som stenger andre ute!