Mål oss på resultat

Fritt Ord

Ingen fylkestingslister har fått meir utteljing for Sunnmøre enn vi. I alle høve når ein tek omsyn til storleiken.

Vi samla inn masse underskrifter og reiste til Oslo for å slåst for akuttkirurgien ved Volda sjukehus. Den vart berga og no vert den utvida til helg \òg.

Ny aksjon «Nei til sjukehusmat frå Molde» samla nye store bunkar med underskrifter. Denne gongen til Helse Møre og Romsdal. Sjukehuskjøkenet vart berga. Det førte til ein storm med fokus på institusjonskjøkena over heile landet. Kari Ristesund er klar for å kjempe for helsetilboda både ved Volda sjukehus, Ålesund sjukehus og ikkje minst Mork.

Dette har skjedd

Vi har fokusert på ei rekke prosjekt. Dei 8 siste åra har Bjarne Kvalsvik  vore i Samferdselutvalet og fyljande har skjedd på Ytre Søre. Ny ferjekai på Sulesund, opprusting på Hareid, 3 nye ferjer, gangveg mellom Hareid og Ulstein, ny sjøgate Ulstein, nytt kryss Gardnes, ny busshaldeplass same stad, ny gangveg  Almestad- Gurskebotn, ny gangveg Larsnes- Breivikneset, nye ferjekaier Årvik-Koparnes, ny ferje, ny gangveg Torseth-Storneset, renoverte Herøybrua, undergong på Frøystad, Skarabakken, ny bruer på Brandal og Jensholmen er under begynning. Pluss ei rekkje mindre prosjekt.   

No bergar vi 12 milionar som var til overs frå bompengane på Eiksundsambandet. Dei hadde forsvunne om vi ikkje hadde teke tak i det i fleire av dei siste fylkestinga.   Lista er lang med prosjekt vi har lukkast med. Nei vi har ikkje fått til dette å leine, men vi har løfta prosjekta fram, og vi har fått eit fleirtal for dei. Det er det som er kunsten i all politikk.

Det er svært få frå Søre Sunnmøre, og vår del av fylket,som er sikra plass i komande fylkestinget. Vi trur at ingen frå Ulstein, Herøy, Sande, Vanylven, eller kanskje også Volda, kjem inn i Fylkestinget?  Det vil merkast på evna til å få nye prosjekt fram i vår region. La ikkje den gode trenden stoppe opp, ved å stemme på parti som ikkje gjev utteljing.

Dei viktigaste sakene i Herøy og Sande blir Nerlandsøybrua, nye ferjer og betre tilbod på ferjene til øyane i Sande. Dragsundbrua må vi og starte å emne på, det er eit fellesprosjekt for heile Ytre Sunnmøre.

Prosjekta er ellers mange, både i Herøy og Sande. Om fire år kan de på nytt måle oss på resultat. Men då må de bruke lista vår. Vist ikkje er vi redd resultata ute blir. Mål oss på resultat.

Hugs Uavhengig valliste for Sunnmøre.