Kulturlandskap og landbruk

Fritt Ord

KrF ynskjer å bidra til heilheita i landskapet, og sikre at det vert gitt eit godt grunnlag for dyrehald. Vi ynskjer å sikre at viktige naturtypar og verdiar på lokalitetar ikkje går tapt. Vi ser det som svært viktig at alle dei biologiske verdiane blir tatt godt vare på. Vi ynskjer å legge til rette for skjøtsel av både kystlynghei og naturbeitemark. Kystlyngheiene er som kjent blitt til gjennom årevis med rydding av skog, lyngbrenning og beiting.

I nyare tider er mykje av arealet som tidligare vart nytta til beite, blitt gjengrodd av skog. Mange av desse felta ligg tett inntil bustadhus, og medfører store faremoment som ved f.eks. brann, og andre naturkatastrofar. Vi ynskjer å legge til rette, og støtte oppunder tiltak (bla. skogrydding) som kan bidra, ikkje berre til sikkerheit, men også til nyttige formål som tilrettelegging av nye / tidlegare beiteareal. KrF ynskjer å bidra til eit aktivt landbruk i Herøy. «Norge trenger bonden» - også i Herøy!

Tal henta frå Bondelaget 2018 viser antall gardsbruk som er registrert i drift. Samanlikna med våre nabokommunar har Herøy 65, Sande 27, Ulstein 34, Hareid 19

Jordbruksareal vert stadig mindre. KrF vil òg såleis vere restriktive med å gi dispensasjon til omdisponering av dyrka areal. Vi vil ta vare på kulturlandskapet.

KrF seier òg eit klart NEI til vindkraft! Vi ynskjer ikkje å skusle vekk den fantastisk flotte naturen vi har rundt oss! Vi vil dyrke den, og legge til rette for at flest mulig kan få nytte den.

Godt val! Stem gjerne KrF.