KrF, rus og psykisk helse

Fritt Ord

Har du kjent på hjelpeløysa, har du vore rådvill, kven skal eg ringe til, kvar skal eg ta kontakt, kven kan hjelpe meg? Tankane og behovet kan vere der til alle døgnets tider, mellom 08.00 og 16.00 men også om kvelden og natta. Menneske med psykiske lidingar og menneske med rusproblem, og deira nære, kjenner igjen denne kjensla.

Herøy KrF har som mål at dei neste fire åra skal vi gjere Herøy kommune i stand til å gje eit heilskapleg tenestetilbod innanfor rus og psykisk helsearbeid.

Med dette meiner vi:

– tenester og tiltak skal vere tilpassa dine behov og utfordringar

– vi ønsker å framleis tilby aktivitet og arbeidstrening

– vi vil at pårørande som ønsker det skal få ei pårørandekontakt

– du skal lett finne informasjon på kommunen sine heimesider om alle type tenester

– du skal på heimesidene finne informasjon om kvar du skal ta kontakt dersom du har behov for hjelp når legekontor, NAV og seksjon psykisk helse og rus er stengt

– informasjon om tenester og tilbod og kontaktinformasjon skal også vere lett tilgjengeleg på offentlege kontor

– vi vil arbeide for å tilby tilrettelagt/bemanna bustad for den som treng det

– vi vil vurdere ressursbruken i tenestene og sette inn naudsynte tiltak

– vi vil opprette brukarforum, det er viktig med tilbakemelding for å yte betre tenester

Bruk stemmeretten din 9.september – godt val!