Kommuneval og Herøy kulturskule

Fritt Ord

No er det snart val og mange flinke personar har meldt seg frivillig til å gjere sitt beste for kommuna vår. Nokre har vore med på dette før, medan andre nok har litt sommarfuglar i magen på kva dette vil medføre.

Elevar i kulturskulen kjenner også på sommarfuglar i magen. Kvar gong dei blir utfordra og skal framføre eit musikkstykke, danseframsyning eller synge for publikum, så kjem dei snikande desse sommarfuglane som gjer at ein blir litt ekstra nervøs. Som vaksen og lærar seier ein ofte til elevane at det er berre sunt å kjenne på nervøsitet. Ein blir meir skjerpa og ein yter meir for å overbevise seg sjølv og andre at dette skal eg jammen greie! Så går det som oftast bra til slutt, og vi som publikum klappar og er vel fornøgde.

No når det gamle kommunestyret har sine siste møter er det tid for klapping frå oss som sit utanfor. Dei har gjort ein stor innsats, brukt av si fritid til å sette seg inn i kompliserte og gjerne tunge saker, og mange har vore uredde talsmenn for sine meiningar.

Akkurat no er vi inne i ei periode der vi ser mange er flinke til å bruke ord for å gjere seg attraktive for veljarane. Den eine overgår den andre i gode lovnader om ulike satsingar. Vi ser i siste Vestlandsnytt (fredag 30.08) at avisa stiller spørsmålet til dei nye listetoppane om «Korleis de vil legge til rette for kultur og idrett sine levekår». Svara i avisa er gjerne litt unnvikande og lite konkrete, men eitt av svara var litt interessant: «Kulturskulen fungerer vel bra slik han gjer i dag». Ja, det meiner sjølvsagt vi også som jobbar her! Berre sjå her:

- I Herøy kulturskule blir det blir gjort mykje godt arbeid for å utvikle kunnskap og ferdigheiter innan musikk og kunstfag. Dette er med å styrke elevane sin estetiske, sosiale og kulturelle kompetanse.

- Herøy kulturskule bidreg til å styrke elevane si evne til kritisk refleksjon og til å gjere sjølvstendige val.

- Herøy kulturskule bidreg til å skape sunne haldningar, som er med på å gjere Herøy kommune til ein enda betre plass å bu.

Herøy kulturskule har over 400 elevar som får muligheit til å vere med på dette. Nokre av dei er med på fleire fag, så det utgjer til saman over 530 elevplassar. Dessverre er dette ein aktivitet som kostar ein del, og vi ser at fleire ikkje har anledning til å vere med på grunn av at det blir for dyrt for familiane. Vi greier altså ikkje å leve opp til målsettinga om at kulturskulen skal vere for alle. Korleis ein skal klare å få dette til, blir nok opp til politikarane å bestemme.

Vi ynskjer med dette eit godt val til alle, og så håpar vi at kulturskulen kan vere eitt av satsingsområda på dette med trivsel, bulyst og positive tiltak for born og unge.