Herøy Høgre: Bruk pengane no – betal seinare

Fritt Ord

Herøy Høgre har vore leiande i kommunestyret i 16 år.

Foran årets val har Høgre, særleg ved Idar Tarberg, stadig framheva alt ein har oppnådd dei siste 10 åra og kor god økonomistyringa har vore. 

Resten av kommunestyret meiner nok at også dei har medvirka.

Alle som vil ha ros for utviklinga, må også ha litt ansvar for den svært problematiske finansieringa ein har nytta.

Den kommunale økonomien har ofte skranta, slik at ein stort sett har finansiert dei fleste prosjekta med låneopptak.

I 2009 hadde Herøy kommune ei lånegjeld på 428.853.000.  Låna hadde blitt betalt ned med relativt korte avdragstider.

10 år seinare, i 2018, var lånegjelda dobla til 866.861.000.  Og endå verre var det at no hadde alle låna fått 40 års avdragstid. Dobling av lånegjeld og maksimal lånetid!

DET ER LETT Å VERE RAUS NÅR BARN OG BANEBARN SKAL BETALE MESTEPARTEN AV RENTER OG AVDRAG!

I mindre omfang blir også andre økonomiske utgifter overførde til framtida.  Utgiftene til kommunale pensjonsordningar auka og kommunane fekk høve til å bokføre utgiftene over 15 år, no 7 år. Mange kommunar nytta seg ikkje av ordninga, men Herøy kommune har utsett bokføringa av desse pensjonsutgiftene sia ordninga vart innførd.

I 2018-rekneskapen for Herøy kommune vart det ikkje bokført 2.7 millionar  som kommunen  hadde i slike pensjonsutgifter dette året. Det

reelle underskotet i Herøy kommune sitt rekneskap for 2018 var såleis   

       3.2 millionar i staden for 0.5 millionar som var netto driftsutgifter dette året.

26 millionar av tidlegare pensjonsutgifter er ikkje bokførde. Utgiftene vil bli bokførde kvart år i dei komande 3-4 kommunestyreperiodene som ei ekstra belastnin for komande kommunestyremedlemer og folket elles.  Og nye pensjonsutgifter vil kome til.

Amos 10 i Bibelen:  «Ulykken når oss ikke, den kommer aldri over oss.»  

Vonar eg.