Herøy Høgre – trygge skulevegar

Fritt Ord

Herøy Høgre er svært opptatt av trygge skulevegar for ALLE elevane  i Herøy skulen.Vi jobber sjølvsagt også for å få på plass fleire gang/sykkelvegar i kommuna vår. Det har vi programfesta i programmet vårt.Men fram til gang/sykkelvegar er på plass, ønskjer vi å ha trygge løysingar på skulevegane for elevane våra.

For Herøy Høgre er skuleskyss ei trygg løysing.

Skulevegen for elevane i Sandvika har vore ei sak som vi i Herøy Høgre har engasjert oss i.

I skyssvedtektene til Herøy kommune står det at at denne strekninga gir automatisk rett til skyss etter vurderingar særleg farleg eller vanskelig skuleveg.

Sandvik til Stokksund skule:

Gratis skuleskyss for elevane 1-7 årstrinn.

8-10 årstrinn vinterskyss etter søknad til nytt Stokksundkryss er ferdig.

Eg bad i juni møtet administrasjonen i kommuna om få fram ei sak om heilårs skuleskyss for ungdomsskule elevane i Sandvika til første møtet i formannskapet etter ferien.

Eg etterlyste saka på nytt på første møte etter ferien, men fekk då informasjon om at saka er på nytt sendt til komite for oppvekst.

Komiteen skal ha sitt første møte 18.sept.

Komiteen har hatt saka før,og ikkje støtta at ungdomsskule-elevane skulle få skuleskyss heile året. Men eg er no meir optimistisk på at dette no kan løyse seg , for i valgkampen har KrF og fleire andre parti vore svært opptatt av traffikk-trygging, og trygge skulevegar.

Så då håper eg på positiv tilråding fra komite for oppvekst.