Det viktige no er å samarbeide

Fritt Ord

I Vestlandsnytt 9. august hadde Aleksander Tarberg, Runar Olsen og eg eit lesarinlegg for Herøy KrF om næringsutvikling gjennom sterkare samarbeid.

Vi hadde eit instendig ynskje om å sette fokus på noko som vi meiner er særs viktig for kommunen. Vi ynskjer å engasjere oss og bidra positivt. Dette var også grunnen til at eg, etter oppmoding, valde å seie ja til å stå på KrF-lista. Dei som spurde meg kjende eg frå tidlegare politisk arbeid i kommunestyret. Både partiet KrF og desse folka har gode verdiar som eg fullt ut kan slutte meg til.

Det som er viktig no er at dei folkevalde kan samarbeide godt på alle plan og respektere kvarandre slik at vi kan fokusere på framskritt i kommunen. Det kan ikkje vere tvil om at det er delar av næringslivet som slit med å få endane til å møtast, og der kommunen må vere ein samarbeidspartnar å rekne med. Det må ikkje vere nokon som føler seg motarbeidd av kommunen.

Hovedoppgåva framover for det nye kommunestyre er å skape framtidstru, optimisme og samhold slik at Herøy også i framtida kan vere ein god kommune å bu i. Det hjelp ikkje å bruke ressursane på å kjempe mot kvarandre. Målet må vere at vi er blant dei beste kommunane å bu i, og dette krev eit felles løft. Vi må bruke kreftene våre på ein positiv måte. Får vi til godt samarbeid vert det interessant og meir fruktbart å drive politisk arbeid.

Herøy KrF trur på fellesskap, framsnakking, samarbeid og dialog som eit godt verdigrunnlag for framtidig utvikling av kommunen vår. Herøy skal vere ei inkluderande kommune.

Godt val!