KrF og næringsutvikling

Svar til Idar Tarberg og Herøy Høgre på innlegg i Vestlandsnytt den 16.08.2019.

Illustrasjon: Fritt ord  Foto: Bjørnar T. Sævik

Fritt Ord

Innlegget frå Idar Tarberg kom etter eit lesarinnlegg frå Herøy KrF der vi tok opp viktigheita av næringsutvikling gjennom sterkare samarbeid mellom private og offentlege aktørar. «Herøy KrF vil arbeide for ei haldningsendring for å betre samarbeidet og styrke det lokale næringslivet i Herøy, slik at vi får auka skatteinntekter og velferd i kommunen vår».

Innlegget vårt kritiserte ingen, men sette fokus på noko som vi meiner er særs viktig. Det vil alltid vere grunnlag for forbetringspotensiale, sjølv i Herøy kommune. Hovudgrunnen til at vi skreiv innlegget var for å støtte oppom butikkane og deler av næringslivet som slit, og gjere kommunen vår meir foreint, sterkare og kunne gje betre tilbod til innbyggarane.

Om nokon føler seg treft og vel å tolke dette som kritikk, så får det vere deira utfordring, ei heller ser dei utfordringane vi står overfor. Ting er ikkje so roseraudt som Idar Tarberg og Herøy Høgre vil ha det til.

Det hjelper heller ikkje at NHOs Kommune-NM (som rangerer attraktivitet og lokal vekstkraft basert på forhold ved næringsliv, arbeidsmarknad, demografi, kompetanse og kommunal økonomi) nyleg stadfestar vår bekymring. I 2008 og 2009 vart Fosnavåg og Herøy kåra med pris som årets næringsby av Kapital. Ti år seinare, under leiing av Herøy Høgre, så er vi nede på 127.-plass, med fallande trend. Til samanlikning så er Ålesund på ein 17.-plass og Ulstein på ein 23.-plass.

Det viser at leiinga i kommunen ikkje er på bølgelengde med, og legg heller ikkje til rette for heile næringslivet. Det viser stor mangel på samarbeid, nettopp det vi i Herøy KrF etterlyser og vil gjere noko med.

Å lese stykket til Idar Tarberg vitnar om mangel på realitetsorientering. Vi registrerer også at han heller ikkje forstår kva KrF ynskjer når vi snakkar om næringsutvikling. I vårt innlegg ville vi fortelje om den politikken vi ynskjer å stå for dei neste fire åra. Herøy KrF ser behov for ei endring i politikken som vert ført. Dei store mogelegheitene som ligg her i samspel med det varierte og kraftfulle næringslivet i Herøy har ein heller ikkje klart å bruke til Herøy sin fordel med omsyn til å utvikle Herøy Vidaregåande Skule. HVS, er ein av dei viktigaste institusjonane og verkemiddel for framtida i Herøy. Derfor treng vi no ei ny politisk leiing som forstår verkelegheita og dei mogelegheiter som kan skapast med eit godt samspel.

I 2008/2009 og tidlegare var samarbeidet i kommunen betre, og vi fekk til mykje i lag. Resultata kom som perler på ei snor og alle bidrog; idrettsanlegg, badeland, hotell, konserthus, kino, simulatorsenter m.m. vart realisert, for å nemne noko. Herøy KrF vil ha tilbake denne samarbeidsånda og trur på fellesskap, framsnakking, samarbeid og dialog som eit godt verdigrunnlag for framtidig utvikling av kommunen vår. Vi ønskjer at Herøy skal vere ei «JA»-kommune.

Ønskjer dykk positiv forandring i kommunen dokka, så stem på KrF og Camilla Storøy som ordførar ved kommunevalet i haust!