IS-mødrene og barna deira

Mødrene til ’tyskarbarna’ fall ikkje for nazismen, men forelska seg i tyske soldatar stasjonert i Noreg. Mødrene til ’IS-barna’ reiste derimot til Syria for å slutte seg til Islamsk Stat.

Illustrasjon: Fritt ord  Foto: Bjørnar T. Sævik

Fritt Ord

I høve til folketalet vårt, særleg talet på muslimske innvandrarar, var det mange som fór, truleg 0,5% av muslimske menn i 20-åra. Men kvinnene som reiste, var få, og dei har heller ikkje fått mange barn, i høgda 35-40 til saman, i følgje NTB/PST. Men berre halvparten av desse er til no gjort greie for, dvs registrerte i Al-Hawl (Hol)-leiren på grensa til Irak.

Men det er ikkje mange ’IS-barn’ att i leiren. Sju foreldrelause barn vart henta av morfar sin, som er svensk statsborgar, og barnevernet i Sverige har overteke ansvaret for dei. I juni kom også fem barn utan omsorgspersonar til Noreg. Deira afrikanske far var død og den norske mora sakna. I leiren er det også tre barn som er fødde i Noreg, men har russisk statsborgarskap. Russland tek i mot både ’IS-barn’ og mødrene deira, men med den spesielle ordninga at mødrene skal i fengsel, men først etter at yngste barnet har blitt 14 år!

Dei to somaliske søstrene, som Åsne Seierstad skreiv om, har fått tre barn. I boka hennar, «To søstre», kan vi lese at mor deira har leigt eit stort hus i Mogadishu, der ho no bur saman med storfamilien. Unntaket er ektemannen, som må hente livsgrunnlaget til alle frå NAV i Bærum.

Endå meir spesiell er historia til dei to resterande ’IS-mødrene’, som begge på islamsk vis samstundes var gift med jihadisten Bastian Vasques. Den eine er Aisha Shezadi, som finansiert av Norsk faglitterær forfattarforening og Foreningen !les for få år sidan reiste rundt på skular i Noreg for å fremje bruken av ansiktsdekkjande klede som nikab eller heildekkjande burka! Tidlegare redaktør i Ny Tid, no debattredaktør i Dagbladet, Martine Aurdal, kallar i dag dette for «absurd naivitet», men ho leidde i 2011 sjølv lanseringa av ei bok der Aisha var ein av skribentane.

Aisha er også kjend som kone nr to til den profilerte islamisten Arfan Bhatti, som før dét var kjærast med Karianne Solbrække, den gong leiar for kriminaljournalistikken i TV2! Eit slikt forhold til ein yrkeskriminell har ikkje hindra Solbrække i å nå toppen som nyheitsredaktør i same kanal.

Det kortvarige ’ekteskapet’ med Bhatti gav Aisha ein son, men han fekk ein tragisk lagnad. I Syria vart Aisha nemleg andrekona også til Vasques, som i følgje Åsne Seierstad slo i hel småguten hennar medan ho sjølv måtte stå bak ei låst dør og høyre skrika. Då hadde Aisha fått nok av Vasques, men ikkje av IS. Ho fann seg ein annan krigar og har med han ei jente på 2-3 år. Vasques har seinare blitt drepen, men førstekona hans, som er norsk statsborgar, har to barn, ei jente på to og ein gut på fire år. Denne guten, son til Vasques, har ein alvorleg lungesjukdom, av lege i Syria diagnostisert som cystisk fibrose.

Småbarn er alltid uskuldige (offer), og sjuke må få hjelp, medan vaksne må stå til ansvar for vala dei har teke. Å gjere dette utan å skilje barna frå mor, er vanskeleg, men ikkje umogleg. Haldningar er ikkje biologisk arvelege, men ein må ha i tankane at dei kan vere det sosialt.