Herøy Sp: Herøy Kommune som sjølvstendig kommune og vegen vidare!

Det har herja ein sentraliseringsvind gjennom landet der kommunar og fylke har blitt saman slått imot sin vilje. Vi i Senterpartiet er som kjent motstandarar av dette når det skjer med tvang, og ikkje tufta på meininga til dei som bur der.

Illustrasjon: Fritt ord  Foto: Bjørnar T. Sævik

Fritt Ord

Det er dessverre slik at vi har ingen garantiar for at Sp kjem til å få makta og behalde ho til evig tid, so vi har ikkje vore igjennom den siste runda på den biten enda. Det er ikkje meir enn 3 månader sida kommunalminister Monica Mæland gjekk ut med at dei vedtekne samanslåingane ikkje var heilt optimale, og meir måtte gjerast.

Dette er ei kjensgjerning vi må ta inn over oss. Det som blir viktig fram til dette er interkommunalt samarbeid, og her meiner Herøy Sp at Herøy kommune må endre si tilnærming til dette. Då NAV kontoret skulle plasserast, tvinga Herøy Kommune igjennom at kontoret for Herøy og Sande skulle ligge på Eggesbøneset, medan Ulstein og Hareid vart einige om at dette skal ligge for dei på Hareid. Resultatet for Herøy Kommune var at Sande valte og bli under kontoret på Hareid. Ved neste korsveg mister vi NAV-kontoret, og kan slå følgje med sandssokningane til Hareid. Og partia i Herøy som sit og bestemmer dette, er dei same som rikspolitisk går for meir samanslåing av kommunar og tenester. Og vi har i dag i Herøy eit NAV kontor som er opent 2 halve dagar i veka.

Skal vi i Herøy lukkast med å behalde slike tenester i Herøy, då må vi gjere Sande til vår støttespelar. Og korleis gjer vi det? Jau, slepp sandssokningane og køyre til Hareid og Ulsteinvik for å oppsøke offentlege tenester, men kan ta det på halvvegen, då er vi i Sp overtydd om at dei vil føretrekke det. Hadde vi lagt NAV-kontoret i Myrvåg, då hadde dei valt å verte administrert ifrå det kontoret. I staden så sender vi sandssokningane rett i fanget på Ulstein og Hareid. Dette dreier seg berre om geografi og kva som er enklast for den enkelte.

Vi har no bestemt å greie ut bygging av ny politistasjon bak rådhuset i Fosnavåg. Dette gjekk samrøystes igjennom i kommunestyret. Vi må syte for nær politi i Herøy og Sande. Men igjen vel vi ei løysing der den andre parten ville føretrekke å ha vore under Ulstein og Hareid Lensmannskontor. Ved neste korsveg, kven trur vi blir valt som felles kontor for heile regionen?

Og er det taktisk rett av Herøy Kommune å bygge dette bygget i Fosnavåg? Det som er planlagt er eit bygg der etter det eg hugsar, politiet skal leige 31 % av bygget, og det er kostnadsberekna til 38 millionar norske kroner. Resten av bygget er tiltenkt å til slutt huse alle dei kommunale funksjonar som vi dag leiger hus til. Herøy kommune skal då seie opp leige avtaler med private, og flytte inn i eiget bygg. Vi skal med andre ord øydelegge for dei sjølvstendig næringsdrivande i Herøy som driv med utleige av kontor og anna. Det er allereie mykje ledig kapasitet i Fosnavåg på denne type bygg. Det neste er vell att dette bygget sender oss på Robek lista og vi blir på tvungen Eigedoms skatt. Då vill det verkeleg bli ein bitter pille og svelge for dei som eig forretnings lokale og mistar sin leigetakar.

Sp stemte for den over nemnde utgreiinga, men ikkje utan å stille spørsmål med om dette var lurt. Var det ikkje betre og legge dette til det såkalla Fristadbygget i Myrvåg som kommunen eig, og har deler av ledig til utleige? Og som ville sikra støtte ifrå Sande om dei skulle begynne å slå meir i hop ifrå rikspolitisk hald?

I framtida kjem det og krav om stigebil til det lokale brannvesenet. Det billigaste og beste for alle der ville vere eit samarbeid og med stigebilen i Myrvåg. Då slepp alle å investere i ein kvar. Den kunne vere bemanna med personell ifrå alle kommunane altså, Herøy, Hareid, Ulstein og Sande, og dermed auke beredskapen i alle kommunane og dele kostnadane på dette.

Vi i Herøy Kommune må klare å omstille oss til den nye kvardagen. I området Fosnavåg, Eggesbønes ligg daglegvarebutikkane tett, og slik kjem det til å vere. Dei ligg faktisk tettare der enn på Moa. Men Herøy Kommune klarer ikkje å sikre seg butikkjeder som dreg folk. Elkjøp har prøvd i Fosnavåg, og la etter ei kort tid ned. I Ulsteinvik har dei ikkje mindre enn 2 Elkjøpbutikkar.

Og kva er det som gjer dette? Jau, igjen geografi. Vi slepp ca. 2700 sandssokningar og 3200 vanylvingar rett igjennom Myrvåg og Herøy og vidare til Ulstein for å handle. Nøkkelen til Ulstein sin suksess som handelsstad sit i Herøy Kommune, nærmare bestemt i Myrvåg. I tillegg so kjem folket i Indre Herøy, og for ikkje å gløyme folket i Ytre Herøy når dei skal kjøpe noko anna enn daglegvarer, og ikkje har tid å fare til Moa.

Dei einaste butikkane som klarer å få litt handelslekkasje ifrå Ulstein til Herøy ligg i Myrvåg. Haddalingar og eiksundarar finn det lettare å handle der enn i Ulsteinvik, fordi Ulsteinvik er eit stort kaos.

Tenk om vi kunne få ein konkurrent til Elkjøp som Power til å etablere seg der, ein bensinstasjon, eit apotek, ein kafeteria og ein klesbutikk. Kvifor skulle nokon oppsøke kaoset i Ulsteinvik då? Skattepengane og arbeidsplassane ville då tilfelle Herøy Kommune, og vi kunne då som kommune tilby betre tenester til innbyggarane.

Når vi i Sp har fremma Myrvåg i kommunestyret, har vi fått ein del krasse kommentarar for det. Vi vil minne om handelsmannen ifrå Bergen som sat på Flåvær og hadde nærmast monopol på handel då seglbåtane rådde. Fosnavåg og Eggesbønes vaks fram då motorbåten kom og seglbåtens tid var forbi. Han sat på Flåvær og nekta å omstille seg, og var overtydd om att motorbåten var ei døgnfluge.

SP seier JA til Myrvåg som interkommunalt og handels senter for Herøy Kommune, alternativet veit vi kva er!