Herøy Ap: Eg vil arbeide for heile stillingar innan helse og omsorg

Heile stillingar gir føreseielegheit, stabilitet og tryggleik både for tenesteytar og brukarar. Til det beste for brukarane. Syte for a tenesta har både helse- og sosialfagleg kompetanse.

Illustrasjon: Fritt ord  Foto: Bjørnar T. Sævik

Fritt Ord

Alt dette inneber å tenkje og arbeide heilskapleg med utfordringar som mange slit med.

Mi hjartesak er eldre og demente. Målet mitt er å syte for at det vert lagt til rette for at eldre skal kunne bu heime lengst mogleg.

Dei skal få personleg tilpassa hjelp, støtte og omsorg.

Demente skal ha tett oppfylging av eit lågt antal ulike tenesteytarar for å skape best mogleg gode og varme hjelpepersonar, slik at dei eldre får tilbod om dagtilbod ved heimen, Dagsenteret eller ved Herøy omsorgssenter.

Dei skal kjenne seg sett, høyrt og ivaretekne.

Det vil skape større glede og livskvalitet i ein vanskeleg livssituasjon.

Legge til rette slik at eldre skal kjenne at ein «lever heile livet».