Vi må halde fram med å utvikle dei positive tiltaka som skjer i kommunen vår. Vi må sikre utbygging av bustadfelt i bygdelag som ikkje har tilgjengelege tomter og vere ein sterk pådrivar for etablering av fleire kommunale utleigehusvære. Sande skal vere ei god pendlarkommune, op- ningstidene til SFO og barnehage må vere tilpassa dei som pendlar, vi må også sjå på moglegheitene for ein sommar-SFO. Kommunen må ta vare på dei unike naturtilhøva vi har på ein slik måte at dei kan nyttast også av dei som kjem etter oss.

Næringsliv, arbeidsplassar og kommunen

Sande Arbeidarparti vil trygge eksisterande arbeidsplassar og leggje til rette for nyetableringar og befolkningsvekst.

Vi skal legge til rette for reiseliv som næring. Det er også viktig at vi skal legge til rette for primærnæringar innan landbruk og fiskeri.

For å utnytte havrommet må vi utvikle Sande kommune sin kystsoneplan, for tilrettelegging for næringslivet og utnytting av havrommet, der Kvamsøya og Sandsøya ligg strategisk til for vekst og nyetableringar.

Vi må også etablere nye og vidareutvikle eksisterande hamneområde i kommunen, samt gjere næringsarbeidet i kommunen langt meir sentralt i utviklinga av kommunen.

Vi skal kvalitetssikre Sande kommune som arbeidsplass, for optimal drift og trivsel for dei tilsette. Og vere ein sterk pådrivar for at Sande får sin rettmessige del av interkommunale arbeidsplassar.

Oppvekst

Sande Arbeidarparti vil sikre gode oppvekstvilkår for born og unge. Vårt mål er at ingen born eller unge fell utanfor. Dette vil vi gjere ved eit auka fokus på førebyggande helsearbeid. Vi må sikre at Sande kommune skal tre støttande til for barn og unge som har fagleg/sosiale utfordringar på skule og på fritid og sørge for mange nok og kompetente vaksne i barnehage og skule. Vi meina det er viktig at ungdomsrådet skal få meir makt og ansvar gjennom tale og forslagsrett til dei politiske organa og vi vil prioritere UKM og andre positive tiltak for born og unge.

For å betre kunne ta tak i utfordringane som ungdata peikar på, ynskjer vi å opprette ei ungdomskontakt som eit pilotprosjekt. Vi må prioritere møteplassar for ungdom, også på tvers av skulane. Det er også viktig å halde ved like og forbetre skulebygg, med eit særskilt fokus på sanitærforholda for ungdomsskuleelevane. Vi må også sikre at skulen i Sande har ei ramme og form som gjer at komande elevar får ein god stad å lære og ein god stad å vere.