Partiet Dei Kristne: Nei til eigedomsskatt

Eigedomsskatt er ein urettferdig og usosial skatt som krev betaling uavhengig av innbyggarens evne til å betale. Partiet Dei Kristne jobbar for fridom og tryggleik for alle, og tryggleik omfattar også eit rettferdig skattesystem.

Illustrasjon: Fritt ord  Foto: Bjørnar T. Sævik

Fritt Ord

Kva som er rettferd er det tydeleg politisk usemje om. Det er fleire skatteprinsipp som kan fylgjast, og i Norge står nok «skatteevneprinsippet» og «fordelingsomsyn» sterkast. Skatteevneprinsippet seier at skattebyrda skal fordelast ut frå skattytars evne til å betale skatten, medan fordelingsomsyn legg føringar for at den som har høg inntekt og formue skal bidra mest. Truleg er det brei forståing for begge prinsippa, men den kommunale eigedomsskatten har ei svakheit med at den skattlegg urealisert inntekt. Om du har pengar eller ikkje, skal skattytar betale skatt for ein eigedom som har ein fiktiv skatteverdi. Dette er urettferdig.

Det finst fire grunnsetningar for eit rasjonelt skattesystem. (1) skatten bør leggast på inntekt etter evne, (2) skatten må vere fast bestemt, og fri frå tilfeldigheiter, (3) skatten bør krevjast inn på det tidspunkt som passar best for skattytar, og (4) dei samfunnsøkonomiske kostnadane for å krevje inn skatten bør vere minst mogleg. Dei tre fyrste punkta handlar om rettsferdigheit.

Urettferdigheita til eigedomsskatten rammar tre grupper særskilt. Dette er pensjonistar, trygda og næringsdrivande innanfor utleige av fast eigedom. Dei selskapa som eig bygningsmasse i vårt fylke, og som ikkje har inntekt på desse – skal betale eigedomsskatt. Bak alle private selskap står det privatpersonar, og desse må hente pengar andre stadar ifrå for å betale kommunal skatt. Dersom du ligg nede, krev likevel den kommunale handa pengar. Dette er urettferdig.

Det som er spesielt for Norge er at vi ikkje har eit maksimalt tak for kor mykje skatt ein skattytar kan betale. Ein pensjonist risikerer at heile pensjonen og all kapitalavkasting, og meir, må betalast i formuesskatt og eigedomsskatt. I motsetning til ein hovudaksjonær i eit selskap kan ikkje pensjonisten styre inntektsgrunnlaget sitt med utbytte frå selskap, noko som ikkje gir eit rettferdig skattegrunnlag.

OECD konkluderte i fjor med å ikkje anbefale slik skattlegging, fordi den er meir forstyrrande og mindre rettferdig enn ein inntektsskatt. Stadig fleire land innan OECD har gått vekk frå slik skattlegging, og no er det Norge, Sveits og Spania som står igjen – der Spania har rabattordningar som nullar ut effekten. Kvifor skal vårt land ha ein skatt som andre land går vekk frå?

Ein kan ikkje argumentere for at eigedomsskatten er noko «vi bør ha råd til». Skattlegging skal vere noko ein står i posisjon til å betale. Ein slik posisjon kjem når ein har realisert inntekt eller gevinst. Det er derfor feil av staten å gi kommunane lov til å krevje inn ein skatt som gir sosial urettferd, og det er feil av lokalpolitikarane å bruke moglegheita.

Partiet Dei Kristne vil konsekvent jobbe for å fjerne eigedomsskatten.