Konkret vil vi prioritere desse tiltaka:

Synleggjere og utvikle næringsareal i Dragsund/Myrvåg-området. Fleire tomter som kan skape nye arbeidsplassar og gi rom for etablering av nye bedrifter.

Byggeklare tomter i Tjørvåg til kostpris. Her vil satse på nye tomter i Trolldalen eller Stokksundmyrane.

Trafikktryggingstiltak langs fylkesveg 654, den mest trafikkerte vegen, må prioriterast når det gjeld tryggleik. Vi vil arbeide inn mot Møre og Romsdal fylke for å få på plass ny gatebelysning frå Dragsundbrua til Aurvåg tunnelen, samt ei oppgradering av Aurvåg tunnelen til moderne standard. Vidare vil vi ha intensiv gate- belysning ved avkøyrsler i Myrvåg/Dragsund industriområde frå FV654.

Herøy KrF ser Stoksundkrysset som eit stort konfliktspunkt dette må utbetrast, og sjåast i samanheng med ny gang- og sykkelveg til Sandvika. Vi ynskjer langsiktige og permanente løysingar slik at vi får trygge vegar.

Generelt vil KrF at vi får ei betre kollektivdekning med bussar som korresponderer mot viktige knutepunkt som flyplassar, sjukehus og hurtigbåtar. Vi meiner Myrvåg er eit naturleg knutepunkt for bussforbindelse og vil utvikle dette med fleire avgangar og venterom.

I Leikanger krins vil vi i samarbeid med bygda, grendelag og idrettslag arbeide for betre skuleveg til Leikanger skule (Osen), ny gangveg i Leikongbakken og ny tursti langs fylkesvegen på Leikongeidet.

Både Tjørvåg og Moltu IL har gode planar for sine idrettsanlegg. Herøy KrF vil arbeide for å få realisert ny idrettshall i Tjørvåg IL som eit samarbeidsprosjekt med offentleg, privat og frivillig sektor. Dette er, slik vi ser det, sjølve kjernen i samarbeid om lokal samfunnsutvikling.

På Moltu vil vi arbeide for å få finansiert og realisert «Frifotanlegg» som er eit viktig tilbod til barn og unge. KrF er opptekne av neste generasjon sine oppvekstvilkår og ser på det som ei viktig investering.

For oss i Herøy KrF er det viktig med eit levande sentrum, men like viktig er aktive bygder. Herøy KrF er opptekne av å lytte til innbyggjarane og involvere dei i viktige saker som vedkjem deira nærmiljø. Vi ynskjer difor å opprette BRUKARFORUM slik det blir kortare avstandar frå politikarane til innbyggjarane våre.

Herøy KrF trur på fellesskap, samarbeid og dialog som eit god verdigrunnlag for framtidig utvikling av kommunen vår. Ønskjer dykk positiv forandring, så stem på KrF ved haustens kommuneval!