Eg synst det er ganske frekt å drive valkamp ved å kome med usanne påstandar om andre parti sin politikk, og eg håper det er noko vi kan unngå i framtida.

Moltu hevdar at Framstegspartiet vil sjå på skulestrukturen berre med omsyn til økonomi, men det er i beste fall berre halve sanninga. I vårt program står det: «Ei eventuell strukturendring skal ikkje gå ut over kvalitet, heller tvert om». I tillegg til dette har vi også forklart vårt syn på skulepolitikken til Senterpartiet sine toppkandidatar og andre som har spurt. Og med det som grunnlag så meiner eg det er ganske ureieleg av Frank Roy Moltu å skrive slik som han gjer i fredagens innlegg.

Eg skal sjølvsagt nytte anledninga til å forklare resten av veljarane kva vi meiner om skulestrukturen og alternativa vi ser føre oss. Først vil eg presisere at Herøy Frp framleis vil ha to ungdomsskular slik som i dag. Når det gjeld Moltu skule, som er den minste av grenda- skulane, treng vi meir informasjon. Vi må vite kva sparings- potensial som er ved å flytte elevane inn i Stokksund. Vi må vite om det er kapasitet i Stokksund, og vi må vite kor mange fyrsteklassingar vi kan forvente i åra framover.

Ifølgje tal frå UDIR så hadde Moltu skule 45 elevar i føregåande skuleår, og til våren går det ut heile 14 elevar. Det er nesten ein tredel av elevane. Trenden er dessverre slik at elevtalet går nedover. Det er ein realitet som vi må forhalde oss til uansett kva parti vi kjem frå, også Senterpartiet. Så spørsmålet er om vi skal tvihalde i håp og tru utan nokon form for fornuft, eller om vi skal sjå framover å diskutere kva som er den beste løysinga for framtida.

For nokre år tilbake blei grendeskulane på Leinøya, Remøya og Kvalsvika, og før det også Runde, nedlagde. Sjølv om det var mange som var kritiske til det som blei gjort den gongen, så trur eg etterpåklokskapen viser at det vi gjorde då var rett. Vi fekk ei løysing for framtida, og eg meiner det vil vere uansvarleg om vi ikkje i det minste ser på ei liknande løysing for elevane som i dag går på Stokksund og Moltu skule. Men igjen, vi har ikkje konkludert, vi vil ha all informasjon på bordet.

Noko anna som vi har fått spørsmål om, er kva vi meiner med at ei strukturendring ikkje skal gå ut over kvalitet, heller tvert om. Med det meiner vi at større skular kan innehalde fleire tenester som kan bidra til å løyse fleire av utfordringane vi har i dag. Vi meiner blant anna at det er mogleg å få helsesjukepleiar på kvar skule kvar dag, framfor nokre få timar i veka rundt om på mindre skular. Vi veit at psykiske plager er eit aukande problem blant ungdom, og då meiner vi det er viktig spesielt i ungdomsskulen at elevane kan ha nokon å gå til for hjelp. Skulehelsetenesta er eit slikt lågterskeltilbod, og vi meiner den bør bli meir tilgjengeleg for elevane.

Andre ting som gjer at større skular kan vere ein fordel, er at dei tilsette får større kompetansemiljø, og dei vil vere mindre sårbare om nokon skulle vere vekke ein dag eller bli sjukmelde. Større skular kan også bidra til større sosiale miljø for elevane, som for nokon kan vere veldig viktig.

Avslutningsvis vil eg kommentere forsøket til Senterpartiet p[ å gjere skuledebatten om til ei sak om folketalsutvikling. Eg er ikkje villig til å bruke skulestruktur som eit verkemiddel for tilflytting. Eg ynskjer det best moglege tilbodet for elevane, og eg meiner det må kome som fyrsteprioritet. Framtida til borna våre er ikkje noko vi skal vike på i håp om at bygdene skal snu folketalet til det positive igjen.