Vi i Senterpartiet har programfesta at vi skal jobbe for å behalde den skulestrukturen som vi har i dag. Vi var òg sikre på at dette ikkje vart noko kampsak. Men det er eitt parti som har programfesta å sjå på skulestrukturen, og det skal skje ut frå eit økonomisk perspektiv og kvar kan vi spare pengar?

Det er nemleg Framstegspartiet som har programfesta dette.

Men det stoppar ikkje der. Kristeleg Folkeparti har ikkje noko i sitt program om dette, men på siste formannskapsmøtet, under budsjettforhandlingane, kasta deira ordførar-

kandidat inn eit forslag om å sjå på skulestrukturen og redusere denne frå to ungdomsskular til ein ungdomsskule i Herøy kommune. Med andre ord; Kristeleg Folkeparti vil sjå på skulestrukturen.

Frå KrF har vi fått høyre ulike forklaringar på korleis vi skal forhalde oss til dette.

Den eine forklaringa er at ordførarkandidaten ikkje utgjer KrF åleine. Det er mogeleg det, men ho får lov til å kaste ut ganske revolusjonerande idear i formannskapet. Enten er dette klarert med styret og kommunestyregruppa i KrF, eller så er det ikkje klarert.

Har KrF verkeleg ein eigenrådig ordførarkandidat som kan lansere dette på eiga hand?

Vi har ikkje oppfatta at resten av KrF har tatt ansvar for dette forslaget. Vi har heller ikkje høyrt at resten av KrF har teke eit politisk oppgjer med sin ordførarkandidat på kva ho har lov til å kaste inn i debatten på eiga hand. Dette er trass alt den historisk mest betente saka i Herøy kommune.

Ei anna forklaring vi har fått høyre, er at dette ikkje endrar på noko. «Berre stem på KrF, såskal partiet slåst for ungdomsskulane og småskulane i bygdene», seier KrF-politikarane frå bygdene som vert råka.

Dei har kandidatar på lista si som påstår at KrF vill jobbe for skulane dei har tilhøyrigheit til. Dette er riv ruskande gale. Lovnader i politikken er ein ting, ting som er programfesta skal vere bindande. Det einaste som er klart, er at KrF har gjort og lansere ein skuledebatt i formannskapet mindre enn 3 månader før valet. Det er i kom-

munestyret og formannskapet den reelle politikken blir ført, og i dette forum har KrF lansert diskusjonen.

Det er ordførarkandidaten som er kumulert. Dei andre må få fleire kumuleringar enn resterande på lista for å kome inn. Så plassering på lista er uvesentleg. Ein vil, ved å stemme på ein kandidat frå KrF som seier dei skal slåst for skulestrukturen, gje ei stemme til den ordførarkandidaten som vil legge ned ein ungdomskule og ha ein gjennomgang av skulestrukturen.

KrF sin ordførarkandidat presiserte at ho ikkje peika på nokon av dei to skulane spesielt. Då vil eg seie til alle i Ytre Herøy; «Vi slest mot KrF si nedlegging av ungdomsskulen dykker også»

Og kva er det vi i Senterpartiet fryktar med denne gjennomgangen av skulestrukturen? Ein gjennomgang av skulestruksturen, ut ifrå økonomiske omsyn frå administrasjonen, vil gje fylgjande konsekvensar:

Stoksund Ungdomskule vert nedlagd og elevane vert flytta til Ytre Herøy ungdomsskule. Dette vil igjen føre til at nesten alle elevane kjem til å måtte flytte til Møre ungdomsskule. Men det er slik i samfunnet vårt at foreldre har varierande økonomisk situasjon, og ikkje alle foreldre kan sjå seg råd til dei tusenlappane det kostar å gå på Møre ungdomskule. Med dette vil ein då skape eit klasseskilje i kommunen.

Dei som bur på indre Jøsok må pårekne seg å sitje i snart 3 timar på buss fram og attende til skulen, kvar dag.

Stenger dei ned Stoksund Ungdomskule, opnar dei for å legge ned Moltu barneskule og Leikanger barneskule, og dermed flytte elevane til barneskulen i Stoksund. Dette vil igjen føre til at nesten alle elevane på Leikanger barneskule vil flyttast til Møre barneskule, og sidan elevane frå Moltu allereie sit på bussen til Stoksund, so kjem desto fleire av dei til å måtte ta til på Møre, og ein har då starta avviklinga av eit kommunalt skuletilbod i indre Herøy.

Dette vil og få konsekvensar for skulen på Nerlandsøya. Slik det er i dag so hevdar Kristeleg Folkeparti sin ordførarkandidat at skuletilbodet blir betre med større einingar. På Nerlandsøya startar bussen i Kvalsvika, og køyrer ungane til Kvalsund for å starte skuledagen. Om dette skal vurderast ut ifrå økonomi, då er det mykje meir økonomisk at denne bussen heller tek ombord elevane frå Kvalsund, og køyrer dei 5 km til Bergsøy barneskule, og dermed legg ned Nerlandsøy barneskule. Har KrF og FrP vurdert dette før dei drar i gang ein debatt.

Det er dette vi i Senterpartiet fryktar, og det er dette som er grunnen til at vi har programfesta å behalde skulestrukturen som den er. Framstegspartiet har programfesta ein gjennomgang av skulestrukturen, KrF sin ordførarkandidat føresler å sjå på kva innsparingar ein kan få ved å ha berre ein ungdomskule i kommunen. Begge desse partia hevdar at dei ikkje har starta ein skulekamp i denne valkampen.

I so fall er dette utruleg klønete politisk arbeid frå deira si side.

Frank-Roy Moltu

Leiar, Senterpartiet i Herøy,