Men det som er skilnaden på desse to vala er at politikarane driv valkamp, slik at eg etter kvart «kjenner» og veit kva meiningar dei har og står for, slik at eg etter beste evne kan velje den eg trur er den beste kandidaten for sitt verv. Og for Fylket og kommunen.

Men når det gjeld kyrkjevalet, så er dei som står på desse listene og er på val, nesten anonyme personar.

Dei driv ikkje valkamp, eg veit ikkje kva kvar enkelt har for meiningar og står for. Og dei fleste på desse listene veit eg ikkje kven er. Korleis skal eg kunne ta eit «rett» val ut ifrå mi overtyding? Det vert omtrent som å spele bingo.

Ikkje løye at valdeltakinga til kyrkjevalet er på eit lågmål. Og interessa for kyrkja berre minkar og minkar. Det er i alle fall mitt inntrykk. Så eg oppfordrar dei personane som står på listene for kyrkjevalet om å gi seg skikkeleg til kjenne, og å drive valkamp for sine meiningar for framtida til Den Norske Kyrkja. Dette er viktigare enn nokon gong, no når stat og kyrkja er separert frå kvarandre.

Det er ikkje nok med eit smil og nokre få ord på ei valliste. Dei må oppsøkje folket som er veljarane, slik at me kan få stille dei spørsmål om kva dei vil med kyrkja.