Eg ser i eit lesarinnlegg i Vestlandsnytt at Kristeleg folkeparti no vil jobbe for ei holdningsendring for å få til eit betre samarbeid med næringslivet. Eg oppfatter dette som kun «fine ord» uten dei klarer å formidle kva dei faktisk vil gjere i praksis. For meg virker mykje av det som er skrive i dette innlegget fra nokre av listetoppane til krf som noko merkeleg, og kan kun tolkast som ein klar kritikk av KRF sin ledelse og KRF sin politikk gjennom alle dei åra dei har vore i posisjon.

KRF har vore ein del av den politiske leiinga i Herøy i to perioder. Dei har hatt varaordføraren fra 2007- 2011, og fra 2015- 2019, og i tillegg innehatt ordførarververt ei lita periode.

Dersom KRF meinar at det er ført ein for dårleg næringspolitikk , stiller eg spørsmål om kvifor dei ikkje har hatt fokus på dette gjennom alle dei åra dei har hatt moglegheit til det.

Men spør du meg, trur eg stort sett dei fleste fra næringslivet i Herøy er fornøygd med politikken som er ført desse åra.

Eg kan nemne noko av det Høgre har hatt fokus på, og fått gjennomslag for saman med samarbeidpartane:

Vekst og utvikling for næringslivet, fått på plass nye byggefelt og sikra grunn til fleire, sikra grunn til næringsareal i Myrvåg, kontinuerleg kloakkutbygging, gode tenester til innbyggarane, ny bru Nerlandsøy, Fosnavåg hamn, fått orden på økonomien uten å innføre eigedomskatt og mykje meir.

Herøy Høgre ser det ogso som viktig å styrke lærlingeplassar i lokal regi, og oppmuntre lokale bedrifter til å ta inn lærlingar. Det er viktig at ungdommen får gode tilbod og vert verande i Herøy.

Idar Tarberg

Herøy Høgre