Då vil ingen frå våre kommunar kome inn. Det er alvorleg om slike utkantkommunar ikkje får nokon inn i Fylkestinget. Den einaste mulegheita ein har er å nytte «Uavhengig valliste for Sunnmøre». Her er Kari Ristesund på 2. plass og Bjarne Kvalsvik på første plass. Men det er folket som bestemmer ved å krysse av for dei ein ynskjer inn. Dette er Sande, Herøy og Vanylven si mogligheit. Kva hjelper det dykk med kandidatar frå Åndalsnes, Surnadal, Tingvoll eller Kristiansund?

Mål oss på resultat

Ein stor underskriftsaksjon for akuttkirurgien ved Volda sjukehus, til Oslo og Helseministeren med 11-12 tusen under-

skrifter. Akuttkirurgien vart berga. Ny aksjon «Nei til sjukehusmat frå Molde», mest like mange underskrifter og kjøkenet i Volda vart berga. Vi hadde hjelp av alle dykk og mange andre. Men gode resultat gav det.

På same måten er vi spenna klare om det trengs nye aksjonar. Om det er sjukehuset i Volda, Ålesund eller Mork, så er vi klare. Vi veit de vil støtte oss også i nye aksjonar. Takk til alle dykk.

Gangveg frå Larsnes til Breivikneset, gangveg frå Almestad til Gurskebotn, nye ferjekaier i Årvik og på Koparneset, ny ferje. Tilskot til Ambu, skuleskyss, kveldsferge, alt mogleg har vi teke opp – og ofte lukkast. Før ferien beordra Kari meg til Kvamsøya, der det var store dammar på fylkesvegen opp frå ferga. Tre dagar seinare var Mesta på plass med bilar og maskinar, trur de det er tilfeldig?

Mykje att

Nei vi er langt frå i mål, og ferja er eit kapittel for seg. Vi hadde  ein interpellasjon om den, rett før ferien i fylkestinget. Vi må prøve å gjere alt vi kan for å få inn ny ferje. Men det er ikkje sikkert vi lukkast. Det er lova ei sak i september om dette. Ferjestrekninga er no ute på anbod. Det er mykje bra i an-

bodsdokumenta, men vi er urolege for om ein legg opp til for firkanta opplegg på dette sambandet. Vi vil følje nøye med på dette frametter. Ingen andre samband i fylket har liknande utfordringar der ein også må rygge om bord.

Ferja er limet i Sande og den må fungere optimalt. Det er i ferd med å bli skapt ny optimisme på øyane, og det er særdeles gledeleg. Fastlands-

sambandet har ikkje den framdrift som ein skulle ynskje, sjølv om styret arbeider godt. Det er andre som driv fram dette sambandet, men vi held oss orienterte. I den grad vi kan være til hjelp, så stiller vi meir en gjerne opp.

Ein kjempejobb

Eg har hatt glede av å jobbe saman med Kari Ristesund i politikken ei tid no. Maken til driftig person skal ein leite mykje for å finne her på søre luten. Ho fortener dykkar tillit ved valet. Du har kanskje alltid stemt annleis?  Ja, men vil det gagne deg og Sande kommune? Min påstand er at det er vi som kan gjere den største skilnaden. Om det er eg som skulle kome inn, ja, så vit at Kari held meg oppdatert på det som rører seg både ute på øyane og inne på fastlandet. Men det er du som avgjer  om nokon frå vårt området skal få ein plass i fylkestinget, tenk på dette den 9. september.

Godt val.

Bjarne Kvalsvik

Uavhengig valliste for Sunnmøre