Det vi ønskjer er å styrke relasjonsbygginga i skulen for å trygge barn og vaksne, noko som vidare aukar læringa. Vi ønskjer også å ta på alvor at borna i Herøy ligg under både landssnittet og fylkessnittet på nasjonale prøver i lesing, rekning og engelsk.

Lesinga kjem dårlegast ut, og det er også det viktigaste. I kommunestyret i mai fekk vi informasjon om at leseferdigheitene ligg om lag eitt skuleår etter resten av landet! Dette kan ikkje Herøy, ei båtlengd føre, vedkjenne seg.  Lesing treng vi i alle fag, og lesing treng vi heile livet. I same kommunestyret vart eit forslag frå KrF vedteke.

Vedtaket seier vi skal sikre konkrete tiltak som vil auke leseferdigheitene. Dette vil vi følgje opp! Vi må sikre at dei dyktige lærerane våre får rammer til å gjere den viktige jobben sin, og gi kunnskap vidare til alle born i Herøy.

Herøy KrF