Eg vaks opp i arbeidarmiljøet i Halden. Byen hadde frå gamalt av sagbruksprivilegier og tiltrakk seg mykje arbeidskraft. Etter krigen starta Saugbrugsforeningen opp med kartong og papir. Eg hugsar seinare LO-leiar Yngve Haagensen med skinnveska si frå bybildet då eg gjekk som avisbod i Haldengatene seint på femtitalet, Halden Arbeiderblad!

Men dei stemte ikkje med AP i slekta mi. Ikkje i bedehuset heller. AP var dominert av kommunistane, meinte ein. Og dei var kristendomsfiendtlege. Mange av leiarane var heller ikkje medlem av Statskyrkja og fekk borgarlege gravferder…

Seinare kom kampanjane om kristendomsfaget sin plass i skulen. Kristenfolket samla seg om dei enorme underskriftskampanjane: Meir enn 700.000 skreiv under oppropet for å verne om kristendomsfaget i 1965! Nesten like mange skriv under på protesten mot den nye abortlova som kom nokre år etter. – Klart det kan røyne på i tilliten til rikspolitikarar og ideologiar.

Men tidene endrer seg – to nærliggjande døme:

• Kampen for ein felles skule blir viktigare i ei tid der kulturmangfaldet trugar med å sprengje fellesskapet i bygd og by. Så får heller kyrkjene statlege bidrag til sjølve å ivareta dåpsundervisninga si, og skulen blir ein arena der alle born kan lære og leike – kvar ut ifrå sin eigenart, tru og kultur - på same arena! Og ingen blir overkøyrde eller sette på sidelina…

• Og ein fin vårdag anno 2019 står eit samla bispekollegium fram med noko som liknar ei orsaking for manglande forståing for og omsyn til dei gravide i abortkampen for så lenge sidan og framleis… Kan hende står vi ikkje så langt frå kvarandre i dette samfunnet som vi trudde likevel?

Tenkjer ein samfunn og politikk, er det lett å sjå venstresida sin store innsats for å løfte dei svake og underprivilegerte – friheit, likskap og solidaritet! I dei nordiske landa var ein tidleg med å reservere seg mot kommunismens autoritære ideologi og manglande respekt for individet. I staden tok ein til seg og konkretiserte sosialdemokratiet etter Eduard Bernsteins visjonar. Her står menneskeverdet sentralt - alle skal med!  Og trua på det gode i alle - vi skal klare det! Og respekten for mennesket -  makta må ikkje krenke individet! Martin Kolberg seier noko utruleg vakkert om dette: «Sosialdemokratiet er mer enn noe annet en sivilisasjonsform!»

Kva så med politisk engasjement og kristentru? Går ein til Bibelen, finn ein klåre retningsliner for livet i samfunnet: Gje dei svoltne brød, vitja dei fengsla, skap rom for dei framande og vis omsorg for dei sjuke! Med dette som utgangspunkt er det kanskje ikkje så rart om ein og annan prest -  og kyrkjefolk for øvrig - finn det gagnleg å gje stemma si til Arbeidarpartiet anno 2019?

Jens T. Johnsen.

Listekandidat for Herøy Ap