Når ein samanliknar tenestene i kommunane Ulstein, Volda, Ørsta, Sula, Gjerdrum og Sogndal ser ein at ein kan spare om lag 17,5 mill. kroner i året i gjennomsnitt om ein kjem på deira nivå.  Ein ser store kostnadsskilnader i dei ulike kommunane.

Det er ikkje dei store sektorane som dreg opp i Herøy. Pleie og omsorg driv vi om lag 8 millionar billigare en gjennomsnittet i  dei seks kommunane. På grunnskule ligg vi omlag på gjennomsnittet.

Dei store sluka

På administrasjon, styring og fellesutgifter har vi  muligheit å spare mest 7,5 millionar for å kome på gjennomsnittet av andre samanliknbare kommunar.

Ein samanlikningspost kallar dei  andre område, kva dette måtte vere? Men enkelt sagt er det nok ein samlepost for ulike driftskostnader. Det er litt uklart kva dette konkret er, men her har vi altså heile 15 millionar vi kan spare for å kome på gjennomsnittet. Her er det pengar å hente.

Vi bruker òg mykje på andre område som kyrkje, vegar/samferdsel, brann, kultur, kommunehelse og sosial. Men ein del av desse tinga kan forklarast. Vi har til dømes fleire kyrkjer og gravplassar enn enkelt andre. KOSTRA-rapportane fortel altså at tenestenivået vårt er langt dyrare enn samanliknbare kommunar. Av dei kommunar eg nemner så driv dei frå 6 til 44 millionar billegare en vi i Herøy.

Mykje å gå på

Vi har meir leiande stillingar enn nokon gong i kommunen. Vi har fire kommunalsjefar. Eg fortalde dykk om ein kommunalsjef som hadde heimekontor i Bergen. Reisetida skulle kompenserast time for time, stod det i avtalen. Vi har tilsette som har høgare lønn enn rådmannen. Det er etter mitt skjøn ikkje meining i slikt.

Vi brukte mange hundre tusen på konsulentar som teikna og planla Solparken i sentrum. Tek vi med alle kostnadane, også eigne, så er det millionbeløp. Det måtte stoppe, vi kan ikkje halde på slik.

Kor mange innlegg skreiv  eg om dette? Eg vart utskjelt for å motarbeide Fosnavåg. Så kom prisen på mange og tjue millionar. Då var det full stopp. Tenk om vi hadde bruk desse kronene på Allmenningen i staden. Nei, i Herøy let vi pengane gå opp i røyk, ja det følest mest slik. Konsulentar og prosjekt vi ikkje maktar å realisere er dyre greier. Tenk kva vi kunne spare om vi brukte pengane fornuftigare. Sjå dykk rundt, vi kan ikkje bruke to månader på prosjekt som burde ta to veker.

Eg får oftast kjeft når eg tek opp desse tinga, men det lever eg godt med. Har det utvikla seg til det betre desse 16 åra medan Høgre har styrt? Mi oppfatning er at det ikkje har vorte betre, snarare tvert om. Ønsker folket ei endring, så er det 9. september ein må tenke på det.

Mange gjer ein kjempejobb, både på rådhuset og ute i dei mange ulike avdelingane. Stor takk til alle dei, men Herøy må drivast billigare og smartare for å frigjere midlar til nye investeringar og nye driftsformer. Vi har ikkje ein berekraftig økonomi. Vi må løfte kommunen og verte ei attraktiv kommune. Vi er ikkje ei båtlengd føre økonomisk. Vi er langt bak dei vi her samanliknar oss med. Det er ikkje mine samanlikningar eller mine tal, det er andre som kjem med desse tala.

Bjarne Kvalsvik

Gruppeleiar Folkelista