Korleis hadde lokalsamfunnet vårt sett ut utan kyrkja? Korleis ville landet vårt vore utan ei folkekyrkje? Kyrkja er til stades over alt i Noreg. Den tek del i kvardagsliva våre og ved større og mindre hendingar i livet. I sorga og festen, i trøysta, songen, leiken og gleda. Kyrkja er open for alle, frå vogge til grav. Kyrkja har rom for deg!

Korleis vil du at kyrkja skal vere? Ved Kyrkjevalet 9. september har du høve til å påverke: På same tid som det er val til kommunestyre og fylkesting i eit vallokale like ved, kan du også stemme fram kven som skal leie kyrkja på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Du kan også stemme på førehand på kyrkjekontoret frå 12. august til 6. september.

Kyrkjevalet er to val: Du kan stemme på kandidatar til soknerådet og til bispedømeråd og Kyrkjemøtet.

Til soknerådsvalet Herøy, Indre Herøy og Leikanger sokn har ein gjeng flotte medlemer sagt ja til å vere kandidatar til sokneråda og leie kyrkjelydane dei fire neste åra. Dette er eit fleirtalsval, der du har høve til å gje inntil tre kandidatar ei ekstrastemme. Kandidatane med flest stemmer blir med i rådet.

Ved val til bispedømeråd og Kyrkjemøtet i Møre stiller Bønnelista, Nominasjonskomiteens liste og Åpen folkekirke lister. Dette er eit forholdstalsval, der den endelege samansetjinga av rådet speglar både kor mange stemmer som gjekk til kvar enkelt liste og til kvar kandidat. Veljarane kan gje ekstra stemme til tre kandidatar og i tillegg flytta over inntil tre namn frå andre lister til den lista dei stemmer på.

Kvart av dei elleve bispedøma i landet vårt har eit bispedømeråd. Rådet tilset blant anna prestar og leier bispedømet saman med biskopen. Medlemene av bispedømerådet er også medlemer av Kyrkjemøtet, det øvste representative organet i Den norske kyrkje.

Frå juss til gudsteneste

Arbeidet til soknerådet og bispedømerådet spenner over mange tema. Det kan vere barne- og ungdomsarbeid, juss og økonomiforvaltning, tilsetjingar, gudstenester, miljø og rettferd, omsorg, musikk og misjon. Råda skal sørgje for vekst og næring til kyrkja og lokalsamfunnet der du bur.

Fyrste veka i august får alle medlemene i Den norske kyrkja eit valkort og ein brosjyre om valet. Følg med i postkassa, møte opp og stem!

Les meir om kandidatane til begge vala på www.kyrkjevalet.no/www.heroy-kyrkje.no

Godt val!

Visste du at…

* Ved kyrkjevalet i 2015 stemde 520 323 kyrkjemedlemer. Det var ei rekorddeltaking på 16,7 prosent.

* Ca. 3,1 millionar nordmenn har rett til å stemme ved Kyrkjevalet 8.-9. september.

* Du må vera døypt for å vera medlem i Den norske kyrkja.

* Ungdom har stemmerett i Kyrkjevalet frå året dei fyller 15.

* Eit sokneråd har 4-10 medlemer, i tillegg til soknepresten. Medlemene har ulik utdannings- og yrkesbakgrunn og mange er også aktive på andre arenaer i lokalsamfunnet.

* Til saman skal 7.000 rådsmedlemer blir stemde inn i Kyrkjevalet 2019.

SOKNERÅDA I HERØY