Herøy Framstegsparti går til val på at Herøy kommune skal søke om å bli med i neste runde av prøveprosjektet statleg finansiert eldreomsorg.

Dette prosjektet har no vore prøvd ut i seks kommunar rundt om i landet, og resultata er veldig gode. Det som skjer er at staten tek over ansvaret for finansieringa av eldreomsorga. Kommunane skal framleis stå for drifta, men staten finansierer. Det betyr at helsepersonell som sit og skal avgjere kva behandling eller pleie den enkelte brukar skal ha, kan tenke fullt og heilt på det faktiske behovet, og ikkje kommunebudsjettet.

Framstegspartiet meiner at ein dårleg kommuneøkonomi ikkje skal gå ut over tilbodet til dei eldre. Difor ynskjer vi at staten skal stå for finansieringa. Ein annan ting som vi meiner er fullstendig feil, er at når behovet for asylmottak blei stort i 2015, så kunne ein utvide budsjettet etter behov. Kvifor gjer ikkje vi det same når behovet innan helse og eldreomsorg blir større? Dei eldre skal ikkje vere ein salderingspost på kommunebudsjettet, og det unngår vi ved at staten tek ansvaret for finansieringa.

Prøveprosjektet blir evaluert fortløpande, og nokon av tilbakemeldingane frå prøvekommunane er auka brukar- medverking og betre vedtak om tenester. I ein evalueringsrapport trekk dei tilsette fram at dei for auka kompetanse gjennom forsøket, og at dei samarbeider betre mellom avdelingane i kommunen.

På bakgrunn av dei positive tilbakemeldingane har regjeringa vedtatt i budsjettet for 2019 å vidareføre prosjektet fram til 2022. I tillegg til dei seks kommunane som allereie er med i dag, skal det takast inn ytterlegare seks kommunar frå seinast andre halvdel av 2020. Herøy Frp ynskjer at Herøy kommune skal søke om å bli ei av dei seks kommunane.