Eg ser i Vestlandsnytt at: «STADIG NYE PROSJEKT OM SAMARBEIDET MELLOM KOMMUNANE PÅ SØRE SUNNMØRE TEK FORM». Spesielt mellom Vanylven og komunane her ute på øyane, men det er berre halve Søre Sunnmøre.

Resten av søre Sunnmøre er Ørsta og Volda kommunar, og geografisk er dei nærmare sentrum av Søre Sunnmøre (Garnes-Myrvåg-området) enn både Hareid, Ytre Herøy og Vanylven. For viss vi opnar passaren på 25 km og set spissen på Garnes/Myrvåg-området, då dekker vi heile Søre Sunnmøre. Her i dei fem ytre kommunene bur ca. 28000 menneske, og med Ørsta og Volda sine 21000 menneske ville den nye kommunen ha godt under 50000 innbyggarar tilsaman, noko som blir ein rimeleg kommunestorleik for framtida (like mange innbyggarar som Molde og Kristiansund har til saman med sitt omland). Vi her sør kan godt nytte SJUSTJERNA KOMMUNE som namn på vår nye kommune.

Eit slikt pengesluk som FYLKESKOMMUNEN må vi kvitte oss med snarast. Det er rikeleg med kommunar og storting, og to forvaltningsnivå i Norge er nok. Vi ville spare oss for ufattelige milliardsummar og det trengst.

Vi må snarast fusjonere alle fire lokale bompengeselskapa: Hafast, Fefast, Safast og Rovdefjord-sambandet. Det nye «bompengeseskapet Søre Sunnmøre» må ta seg av utbygging av tunnelane frå Hakkalestranda, øyane i Sande til Hidsneset og den flate tunellen frå Ulsteinvik under Hareidslandet og Godøya til Valderhaugsfjorden, med to korte tunellar derfrå den eine i land på Valderøya og den andre inn til Ålesund.

Mellom Ulsteinvik – Giske/Ålesund vil køyreturen ta ca. 15 minuttar, frå heile søre Sunnmøre til Ulsteinvik tek turen maks 20 minuttar i tillegg. Altså vil heile byturen ta toppen ein dryg halvtime for eks. mellom Volda og Vigra/Ålesund.

Ein stor del av folket trudde at med Herøybruene og Eiksund-tunnelen var sambanda på Sunnmøre komplett. Men på ferjene frå Sula til Festøy og Hareid har vi halde på i 60 år med bompengar i form av ferjebillettar, og det vil ingen ende ta slik som på Herøybruene og Eiksundtunellen før vi lagar oss sånne bompengeselskap og får orden på alle samband.

Eg kan ikkje sjå at vi sunnmøringar har noko med Møreaksar, Romsdals- og Nordmørs- aksarå gjere. Det blir ialle fall eit multimilliardforetak å få ny veg frå Digernesskiftet via alle fjordar til Trondheim.

Den nye flate tunellen frå Ulsteinvik til Valderhaugsfjorden, med eit løp opp på Valderøya og det andre inn til Ålesund får så stor trafikk at han må naturligvis ha to løp og fire køyrebaner. Tunnelselskapet får nær to milliardar kroner i årleg autopassinntekter basert på dagens ferjetakst. Derfor blir den heilt flate tunellen frå Ulsteinvik nedbetalt dobbelt så fort som Eiksundtunellen, så ferjebillettar på Søre Sunnmøre vil høyre historia til forholdvis snart bortsett frå på Voldsfjorden og Hjørungfjorden. Når E39-brua frå Stranda til Stordalsida er bygt får folk på Stranda berre ein 3 kvarters køyretur til Ålesundsområdet utan bompengar og ferjebillettar og vekkasta tid, og til Trondheim på 3-4 timar.