166 tilviste saker til Konfliktrådet fordelar seg på 111 straffesaker, 46 sivile saker og 9 saker til ungdomsoppfølging. Det er auke i alle sakskategoriane, men størst auke i tilviste straffesaker. Hittil i år har påtalemyndigheita henvist 111 straffesaker, mot 66 straffesaker på same tid i fjor.

Det er same tendensen på Sunnmøre som på landsplan; Konfliktråda handterar stadig meir alvorlege saker. I år, som tidlegare år, utgjer valdssaker den største sakskategorien med 30 saker. Valdssakene omhandlar alt frå vald mellom ukjente til vald i nære relasjonar. Truslar og krenkingar er representert på statistikken med 20 saker. Økonomikonfliktar, nærmiljøkonfliktar, skadeverk, naskeri og narkotikalovbrot er sakstypar som også har blitt tilvist. Spesielt for sakstilfanget i 2019, er at konfliktrådet har fått tilvist 14 saker med seksualkriminalitet, mot 3 saker på same tid i fjor.

Tilrettelagte møter i konfliktrådet har til føremål å rette opp igjen mest mogleg av den skaden som har oppstått som følge av lovbrotet eller konflikta. Møta vert leia av meklarar i konfliktrådet, og dei legg til rette for at hendingar kan bearbeidast ansikt til ansikt på ein trygg måte. Konflikrådet erfarer at frykta som offer ber på vert ofte redusert, og at tilrettelagte møter kan forhindre nye lovbrot ved at gjerningsperson får innblikk i konsekvensar. Konfliktrådet på Sunnmøre har per i dag 14 meklarar, men søkjer i desse dagar etter fleire meklarar for å imøtekome auka i tilviste saker.

Sidan juli 2014 kan ungdom mellom 15 og 18 år som har gjort lovbrot og treng tett oppfølging over tid, verte dømde til ungdomsoppfølging eller ungdomsstraff. Reaksjonene består av eit ungdomsstormøte der lovbrytaren møter dei som har vorte utsatt for handlinga, deretter ein ungdomsplan med krav – og så eit oppfølgingsteam som følger ungdomen i straffeperioda. 9 ungdomar på Sunnmøre har vorte overført til ungdomsoppfølging hittil i år, mot 8 ungdomar på same tid i fjor.

På landsplan:

Det har vore ein svak nedgang på henviste saker på 5 % på landsplan. Konfliktråda i Noreg har totalt motteke 3895 saker i første halvår 2019, mot 4118 saker i fjor. 32 ungdomar mellom 15 og 18 år er idømt ungdomsstraff, og 221 har fått ungdomsoppfølging hittil i år.