I vår har alle elevane frå 1. til 7. trinn vore med på Hoppetaukonkurransen til Nasjonalforeningen for folkehelsen. Vi har brukt mange av aktivitetane som Nasjonalforeningen har samla i eit aktivitetshefte på nett, og opplegget har både gitt auka aktivitet og det har verka samlande for elevane, sidan dei har vore aktive saman på tvers av årstrinn. Dei har lært nye regler som dei kan hoppe slengtau etter, og dei har hatt faglege utfordringar i hoppinga, med å hoppe gongetabellen, eller alfabetet eller hoppe medan dei stava ord. Vi har også leitt fram hoppestrekk og latt elevane få lære nokre måtar å hoppe strekk på. Der har vi også fått hjelp av foreldre, som hugsar «hoppestrekk-måtar» frå dei var i skulealderen.

Elevane ved Kvamsøy oppvekstsenter vart fylkesvinnarar, som ein av fire skular i Møre og Romsdal med maksimal poengsum. Rett før sommarferien kom kjekke medlemmer frå styret i Kvamsøy helselag med diplom til kvar elev og gåvmilde premier til klassene. Elevane har allereie brukt deler av premien på ein kjekk tur til Sunnmørsbadet i Fosnavåg.