I formannskapmøte den 11.06 under saka om budsjettoppfølging 2019 kom Camilla Storøy (Krf) med eit utspel om at devert utgreia kva ein vil spare med å ha berre ein ungdomskule i kommunen.

Representanten fra Krf var igjen tydeleg på at noko må gjerast med dagens skulestruktur, og det er ei kjensgjerning at Camilla Storøy lenge har ivra for å legge ned Moltu skule.

Vi er derfor spente på kva konsekvensar dette utspelet vil få for Leikanger og Moltu skule.

Vi ser fram til å sjå kva KrF og ordførerkandidat Camilla Storøy har i sitt valprogram om denne saka..

For dei parti som ynskjer at skulestrukturen skal endrast og skulekrinsar leggast ned, må det vere ei sjølfølge at veljarane får vite det før valet 9. september.

Herøy Høgre har i sitt program at det fortsatt skal vere to ungdomsskular i kommunen.