Sveinulf Vågene er geolog med bakgrunn frå oljebransjen. Han er no pensjonist og brukar mykje tid på natur- og miljøvern i høve fornybar energi- og klimapolitikk.

Stein Malkenes er tidligare leiar i Naturvernforbundet, fylkespolitikar og driv no med villsau som næraste nabo til Guleslettene vindkraftverk, som er under bygging i Flora/Bremanger.

Desse to er dyktige forelesarar, og det vert tid til spørsmål! Her kan alle få stille sine spørsmål og vi svarer så godt som råd.

Møt opp og lær meir om kva som står på spel for Sande og området vårt si framtid!

Nei til Vindturbinar i Nordvest er ein politisk uavhengig organisasjon som jobbar mot etablering av vindturbinar i nordvest. Dette fordi det er rasering av norsk natur, med ingen dokumentert klimaeffekt. Vi vart starta etter fjellmarsjen til Hasundhornet i regi av Turistforeninga, den 12.mai, vi var oppimot 100 folk på den marsjen. Mange sa: ”Vi må gjere noko, dette går ikkje an!”. Og dette er heilt rett. Vi finn oss ikkje i å få tredd på oss vindkraftverk på Sunnmøre og i Nordfjord, med naturrasering, alvorlege konsekvensar for fugle- og dyreliv, innskrenkning av folkehelsetilbud ved friluftslivbruk, støypåverknader på helsa både hørbar og ikkje-hørbar lyd(såkalla infralyd), vindskygger frå turbinar, reflekser og lys, samt at der ikkje er nokon økonomisk vinst på desse kraftverka for oss. Straumen vert påvist dyrare og nettleia har allereie begynt å stige. Denne utvliklinga kan ikkje fortsette i Noreg. Det er særs viktig å få oss ut av rammeplanen som NVE har foreslått, og laga på oppdrag for OED.